Sjå bildeserie: Kvinnherad Energi feirar 100 år – stiller seg sjølv ut

26. januar 2019, kl. 17:57

Kvinnherad Energi har 100-årsjubileum i år og kjem til å markera det på ulikt vis framover. Laurdag opna jubileumsutstillinga deira «Ein sprek 100-åring» i Kvinnherad bibliotek. Her kan ein følgja historia og utviklinga til bedrifta heilt frå starten i 1919 og fram til i dag. For å gje eit innblikk i historia, er det hengt opp kollasjar med bilde frå drifta det siste hundreåret. Utstillinga blir ståande ut mars månad.