«Uttale frå klubbane i Kvinnherad Energi AS»

(Illustrasjonsbilde frå arkivet).

(Illustrasjonsbilde frå arkivet).

Av
DEL

MEININGARPågåande prosess med eigarskapsmelding og eventuelt sal av nettdelen av selskapet har no pågått sidan 2016. Standpunktet til fleirtalet av dei tilsette i Kvinnherad Energi (KE) har gjennom heile prosessen vore eit ynskje om å vidareutvikla KE som eit eige selskap. Selskapet har gjennom 100 år vist god evne til dette. Dei siste åra har nettleiga blitt senka monaleg og effektiviteten er på veg oppover. Vi har hatt stor tru på at vidareutvikling av selskapet, inkludert eit mogleg samarbeid mot Hardanger/Odda, kunne vera ein god og riktig veg å gå for kommunen. Dette har også vore konklusjonen frå framlagt rapport frå styret sin innleigde konsulent (Pöyro).

Vidareutvikling av selskapet føreset at KE har ein eigar som ynskjer å satsa på selskapet gjennom aktivt eigarskap og styring. Tidlegare kommunestyrevedtak i saka, syner at fleirtalet av eigaren sine representantar ikkje lenger ynskjer dette. Når dette grunnlaget ikkje lenger er til stades, vil det vera betre å fusjonera nettdelen av KE inn i eit selskap som vi trur blir ein aktiv og framtidsretta eigar av straumnettet i Kvinnherad.

Vi vil derfor støtta innstillinga frå forhandlingsutvalet om å fusjonera nettdelen inn i BKK slik at det blir ro om saka. Å dra saka ut i tid vil vera øydeleggjande for selskapet både for eigar, kundar og tilsette.

NEGOTIA

NITO

EL&IT

Artikkeltags