Fotoklubben opnar utstilling

Fredag opnar Kvinnherad Fotoklubb ei fotoutstilling på Husnes Storsenter med 28 flotte bilde tatt av medlemmane.

DEL

Klubben har mange dyktige fotografar, og derfor blir dette truleg ei flott utstilling å få med seg. Det blir inga offisiell opning, men den som vil sjå bilda kan ta turen i Husnes Storsenter si opningstid, og til lokalet mellom Baronessa og Peppes Pizza i første etasje.

Utstillinga har ikkje noko spesielt tema, men 14 av medlemmane i klubben har valt ut to bilde kvar som dei ønskjer å stilla ut – til saman 28 ulike bilde. Nokre bilde har du kanskje sett, andre er ikkje presenterte før.

Utstillinga skal henga på senteret gjennom sommaren. Det er ikkje så ofte klubben har eigne utstillingar som dette – sist var då klubben feira 30-årsjubileum, og då hang utstillinga på biblioteket på Husnes.

Fotoklubben ønskjer alle som vil kika hjarteleg velkomne til å sjå.

Artikkeltags