Gåveaksjonen til Kvinnherad frivilligsentral har også dette året vore vellukka. Gåvmilde givarar har gitt så det monnar, slik at sentralen til slutt fekk inn 200 gåver til utdeling.

I tillegg sette Husnes storsenter ut ein bil der folk kunne leggja inn gåver til aksjonen, og også denne blei full. På eit tidspunkt måtte senterleiar Geir Jakobsen til og med rigga om for å få plass til alt.

– Julegåvene er no distribuerte til dei som treng det. Det som eventuelt blir til overs, blir lagra her på frivilligsentralen slik at dei som har trong for ein presang til andre høve kan venda seg til oss. Det kan til dømes vera bursdagspresang til nokon om ein kjenner at eigen økonomi ikkje strekk til, sa Veronica T. Thorsen ved Kvinnherad frivilligsentral, til Kvinnheringen.

Ho takkar så mykje for alle bidraga, og seier gåvene er ei viktig oppmuntring til mange i julehøgtida.