Klart for ny fritidsmesse

LIV OG RØRE: Frå fritidsmessa september 2017. Arkivfoto

LIV OG RØRE: Frå fritidsmessa september 2017. Arkivfoto

Av
DEL

På laurdag er det duka for nok ei fritidsmesse i Husnes sentrum, melder Veronica T. Thorsen i frivilligsentralen. Kvinnherad kultursenter og torgplassen blir fylte med kjekke aktivitetar frå heile Kvinnherad.

Fritidsmessa vert starta med gratis nysirkus for familien i kinosalen, før ein kan gå ut å få informasjon om dei mange laga og organisasjonane som står på stand både inne og ute denne laurdags føremiddagen. Det vil vera aktivitet og standar i heile huset, og i kjellaren vil både BUA og ungdomssenteret vera ope.

Fritidsmessa er ei positiv oppleving for både publikum og laget som stiller ut. Her får ein informasjon, testa ulike apparat og ein får møta nokre av dei som er drivkreftene bak ein aktivitet.

– Etter tidlegare fritidsmesser har me gjennomført undersøkingar og tilbakemeldingane er svært gode. Lag og organisasjonar har fått vist fram aktivitetane sine og mange har fått fleire medlemmar. Blant publikum er det mange som har funne ein ny aktivitet og fått informasjon om kva som skjer rundt i den langstrekte kommunen vår, opplyser Thorsen.

Arrangørane oppmodar folk om å ta turen til Husnes sentrum for å delta på messa laurdag, og dersom det er nokon som er litt seint ute med påmelding av laget sitt, men som gjerne ville ha få vist fram aktiviteten sin, er det framleis mogleg å få det til om ein tar kontakt med Ingvild Marie Hilde ved aktiv fritid.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags