Overveldande gåverespons: – Det er heilt vanvitig

OVERVELDANDE: Leiar ved Kvinnherad Frivilligsentral, Veronica Thorkildsen Thorsen, synest det er overveldande kor mange som bidrar med julegåver.

OVERVELDANDE: Leiar ved Kvinnherad Frivilligsentral, Veronica Thorkildsen Thorsen, synest det er overveldande kor mange som bidrar med julegåver.

For tredje året på rad arrangerer Kvinnherad Frivilligsentral ein «julegåvedugnad», og folk i kommunen har ikkje vore vanskelege å be.

DEL

– Det er ei heilt utruleg givarglede, det er vanvettig, seier leiaren for Kvinnherad Frivilligsentral, Veronica Thorkildsen Thorsen.

Frivilligsentralen har fått som vane å organisera ein julegåveaksjon der gåver blir leverte ut til dei som kanskje ikkje får så mange gåver, eller ikkje har råd til å kjøpa seg det dei treng. Med hjelp frå rundt 200–300 kvinnheringar, har dei klart å samla inn alle gåvene som er meldt behov for. Måten det blir gjort på er at privatpersonar eller kommunale instansar melder frå til frivilligsentralen om kven som kunne ha trunge ei julegåve, og frivilligsentralen tar ordet vidare til alle dei gåvmilde kvinnheringane.

– Vi har pakka inn gåver til personar frå tre månadar til 94 år, seier Thorsen, som legg til at frivilligsentralen helst vil ha opne gåver, og så pakka dei inn sjølve seinare.

– Då vi har sett på nyheitene tidlegare at folk pakkar inn skit, vil vi vita kva som blir gitt. Og då kan vi òg tilpassa gåvene til dei dei skal til, og passa på at det ikkje blir store forskjellar i ein familie for eksempel.

Thorsen fortel at folk ofte lurer på kor mykje dei skal bruka på gåva dei kjøper inn, men at gjennomsnittet ligg på 200–300 kroner. Likevel er det prisforskjellar frå 50 kroner til 1000 kroner.

– Ingenting er for lite eller for mykje. Vi hadde faktisk ein person som ønskte seg fotballsko til jul, som er ei ganske dyr gåve. Då kom Trio innom med heilt nye fotballsko til rundt 1000 kroner vi kunne gi denne personen!

Blanda kjensler

Av det folk ønsker seg går det mykje i klede, og kanskje spesielt ullklede. Elles er matvarer noko som hamnar på ønskelista.

– Det er jo blanda kjensler. Eg kjenner ei enorm takksemd for den store givargleda som er i kommunen, men samstundes er det vondt å sjå kor stort behovet er, og at det er aukande, seier Thorsen.

Ho rettar ei spesiell takk til Frelsesarmeen som har komme frå Odda til Kvinnherad med matpakkar til dei som treng det.

– Det er overveldande kor enormt mange som bidrar. Det hendar folk kjem tilbake og spør om det er noko meir dei kan kjøpa, viss vi ikkje har alle gåvene vi treng.

Og viss det er gåver til overs plar frivilligsentralen å gjera det slik at folk kan komma innom å henta seg ei gåve viss dei for eksempel skal i ein bursdag, men ikkje har råd til presang.

Då Kvinnheringen er på besøk hos frivilligsentralen er størsteparten av pakkane henta og køyrde ut der dei høyrer heime. Det er privatpersonar og kommunale instansar som hentar gåvene, og bestemmer kven det skal stå det er frå på pakkelappen. I tillegg til organiseringa med julegåver, vil frivilligsentralen vera open på julaftan for dei som kanskje ikkje har nokon å feira med, eller vil feira med fleire.

– Det er ikkje slik at du må ha økonomiske problem for å vera med, det er berre hyggeleg at fleire kan feira jul i lag, sluttar Thorsen.

Artikkeltags