Slik vil dei forenkla organiseringa av frivillig arbeid

Veronica Thorkildsen Thorsen og Geir Ove Fosse har stor tru på at Frikus vil bli eit godt hjelpemiddel for å organisera frivillig aktivitet.

Veronica Thorkildsen Thorsen og Geir Ove Fosse har stor tru på at Frikus vil bli eit godt hjelpemiddel for å organisera frivillig aktivitet. Foto:

Onsdag kveld inviterer kommunen lag og organisasjonar til gratis opplæring i aktivitetskalenderen Friskus.

DEL

Prosjektgruppa som jobbar med å laga ein frivilligplan for kommunen, har undervegs i arbeidet fått høyringsinnspel frå lag og organisasjonar. Blant anna har det kome fram at mange ønskjer seg ein digital møteplass, der aktivitetar, medlemer og arrangement blir samla ei ein kombinert base og kalender.

Friskus

Prosjektleiar Veronica Thorkildsen Thorsen og einingsleiar for Aktivitet, læring og meistring, Geir Ove Fosse, fortel at kommunen har satsa på løysinga med det friske namnet Friskus. (Vil du sjå nærare på Friskus, er nettadressa friskus.com).

– Også Stord og Sveio har valt denne løysinga, fortel dei to.

Kommunen har kjøpt Friskus-lisens, noko som inneber at lag og organisasjonar i Kvinnherad kan bruka systemet gratis.

Slik oppsummerer Fosse det digitale verktøyet: «Friskus er eit aktivitets- og frivilligheitsverktøy for enkel deltaking og organisering av frivillig aktivitet. Målet er å gjera det enkelt å organisera og enkelt å delta. Innbyggjarane får ein interaktiv aktivitetskalender med oversikt over alle arrangement og frivillige oppdrag på ein stad. Lag og organisasjonar får enklare administrasjon av deltakarar og aktivitetar, eige meldingssystem og ikkje minst kvalitetssikring då systemet kan halde kontroll på politiattestar og teieplikt når dette er naudsynt. Kommunen på si side frigjev tid og ressursar gjennom effektivisering, samstundes som det aukar livskvalitet og trivsel for innbyggjarane dersom mange tek i bruk systemet».

Opplæring

Onsdag startar altså opplæringa, og deltakarane blir oppmoda om å ta med pc eller nettbrett for å koma kjapt i gang med det innleiande registreringsarbeidet. Kommunen lokkar med pizza og brus, og det blir elles lova vidare oppfølging. Prosjektet har fått 400.000 kroner frå Vestland fylke til støtte til opplæringsarbeidet i startfasen, og laga kan be om vidare oppfølging og opplæring på lagsnivå om ein treng det.

På introduksjonsdagen 25. september, er det først ei samling for kommunetilsette på dagtid, og så kjem opplegget for frivillige i lag og organisasjonar på kveldstid.

– Denne dagen kjem det folk frå Friskus-systemet for å gi ein introduksjon og elles hjelpa til under samlinga som vil vara rundt to timar. Vi håpar mange kjem – dette er jo noko mange frivillige har ønskt seg, og Friskus kan få stor nytteverdi, seier Thorsen og Fosse.

Dei som vil delta må melda seg til frivilligsentralen innan tysdag 24. september.

Kjappare kontakt

– Etter kvart som registreringsjobben er gjort, både med omsyn til sjølve laga og dei frivillige medlemene, kan ein ved bruk av Friskus få til kjappare og meir direkte kontakt både internt i laget, og for dei som treng frivillig arbeid. Til dømes vil Husnestunet kunna ta direkte kontakt med ein som har meldt seg som frivillig sykkelpilot for ei av sykkelvognene, slik at ein sjukeheimspasient kan få seg ein luftetur, forklarar Thorsen og Fosse.

Systemet opnar også for såkalla ad hoc-frivilligheit: Ein frivillig som veit om ein dag eller ein kort periode ho eller han er ledig for frivillig arbeid kan registrera seg for dei aktuelle datoane – ein treng ikkje binda seg for ein lang periode om ein vil unngå det.

Fleksibelt

På det som blir Friskus Kvinnherad, kan ein sortera aktivitetar og lag ut frå bygd, dato, aktivitet, aldersgruppe osb. Du kan etter kvart også rekruttera deltakarar og få oversikt over påmelde til aktivitetar. Friskus kan òg brukast frå ein smarttelefon via ein nettlesar.

– Friskus er sjølvsagt avhengig av at mange vel å bruka systemet. Det vil ta litt tid å få det i sving, men det er her vi skal bruka støtta vi har fått frå fylket til opplæring og oppstart, og vi skal jobba hardt for få både kommunetilsette og lagsliv til å ta det i bruk, seier Thorsen og Fosse.

Frivilligplan

Prosjektgruppa for frivilligplanen er breitt samansett, mellom anna for at bruken av Friskus skal nå ut i heile kommuneorganisasjonen. Gruppa er sett saman av denne gjengen: Veronica Thorkildsen Thorsen (leiar for frivilligsentralen), Geir Ove Fosse (einingsleiar Aktivitet, læring og meistring), Arild Berg (Nav-leiar), Tove Omdal (einingsleiar Halsnøytunet), Ellen Korsvold (einingsleiar Heimetenester nord), Anita Lykkja (kulturkonsulent) og Kristian Helgesen (folkehelsekoordinator og idrettskonsulent).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags