Når Kvinnheringen treff Veronica T. Thorsen, dagleg leiar i Kvinnherad frivilligsentral, sit ho omringa av presangar. Ho er midt i årets julegåveaksjon og pakkane renn inn. Over 150 gåver er alt komne inn til den årlege aksjonen.

Men førre veke var Thorsen også oppteken med å lysa ut frivilligprisen for 2017.

«Prisen vert gjeve til ein initiativrik person, lokal foreining eller gruppe som gjennom idear og pågangsmot har betra trivsel for andre og medverka til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn», står det i statuttane for prisen.

Frivilligsentralen vil bruka tida fram til 20. desember på å ta imot framlegg til kandidatar, før frivilligstyret set seg ned i romjula for å avgjera kven som fortener prisen mest.

Veronica T. Thorsen fortel til Kvinnheringen at ho opplever frivillig arbeid som stadig viktigare.

– Velferdsstaten er i endring, og kommunen har mindre og mindre pengar til skule, idrett og sjukeheim. Eg opplever at sjukeheimen nyttar seg meir av frivillige til enkelte aktivitetar som trim, handling og underhaldning, seier ho, og legg til at frivilligsentralen er glad for å kunne bidra med frivillige til desse oppgåvene.

Fordi etterspurnaden etter frivillige veks, er frivilligprisen endå viktigare i år enn tidlegare, meiner Thorsen. Prisen fungerer som ein motivasjon for andre som driv eller kan tenkja seg å driva frivillig arbeid.

I 2016 gjekk prisen til Aslaug Elisabeth Torget Sjo frå Halsnøy for hennar arbeid med eldre. I grunngjevinga vert det lagt vekt på at Sjo etter mange år som frivillig, framleis stod på like mykje som før, trass i at ho då var fylt 81 år.

Sjølv om prisen dei siste par åra har gått til folk som er godt vaksne, understrekar Thorsen at ein ikkje treng å ha fylt 70 for å vinna.

– Frivillig innsats er frivillig innsats. Prisen kan like godt gå til ein som er 20 år dersom vi meiner at det er ein person som fortener han.

Måten tildelinga skjer på er ved at folk foreslår eller nominerer kandidatar til frivilligsentralen. I nomineringa må ein grunngje kvifor personen som blir foreslått er årets frivillige i Kvinnherad.