Dette rommet er fullstappa med utstyr du kan låna gratis

13. mai opnar «BUA Kvinnherad» på Husnes , ein heilt ny utlåns-sentral for heile kommunen. Der kan du låna syklar, ski, bålpanne, spel og mykje anna kult – heilt gratis!

DEL

Tysdag møtte vi ein gjeng som har jobba på for å gjera utlånssentralen klar for opning. Lokalet har friske fargar og er fylt med alt slags aktivitetsutstyr både til utandørs og innandørs bruk.

– Vi har tenkt på dette og ønskt oss ein slik utstyrssentral lenge, men det var først då Kvinnherad Ungdomssenter sa ja til at vi kunne bruka lokale hos dei at vi fekk fart på sakene, fortel initiativtakar Veronica Thorkildsen Thorsen, leiar for Kvinnherad Frivilligsentral.

Ungdomsgruppa Gledesspredarane, som høyrer til frivilligsentralen, har jobba mykje dugnad for å fiksa opp lokalet i ungdomssenteret, og har i ein periode møtst kvar tysdag ettermiddag. Dei har malt, handla inn utstyr og snakka med ungdommar om kva innhald dei ønskte på utlånssentralen.

– Dette har vore ein kjekk måte å tilbringa tid på! seier Ingrid Prestnes Fiskerstrand (17).

– Eg gler meg veldig til å sjå resultatet av arbeidet vårt, om denne utlånssentralen blir mykje brukt, legg Josefine Handeland Gunning (17) til.

Utanom Gledesspredarane har byggfag på KVV laga hyller til utlånssentralen.

Flunka nytt

Utstyret i utlånssentralen er kjøpt inn for pengar ein har fått i støtte frå bedrifter, stiftingar, fylkeskommunen og kommunen. Til saman har ein fått inn 150.000 kroner.

– Vi håpar fleire vil støtta dette flotte tilbodet med midlar, for det er framleis ein del utstyr vi ønskjer til utlånssentralen. På Bømlo fekk dei samla inn 800.000 kroner, noko som er fantastisk! seier Thorsen.

At utstyret er nytt er noko som er heilt bevisst:

– Det skal vera nytt og «fancy» for å unngå stigmatisering av dei som ikkje har økonomi til å kjøpa utstyr sjølv.

– Folk i alle aldrar kan låna utstyr her. Av og til er det lurt å testa ut ein aktivitet før ein kjøper dyre ting, legg Karianne Solheim på kulturhuset til.

BUA Kvinnherad har dessutan sikra seg ein lokal avtale med Sport1 Husnes:

– Vi har fått ein kjempegod avtale med dei på butikken om ein rabattavtale, og i tillegg skal vi få lagra utstyr hos dei. Sport1 tar seg òg av å smøra ski og syklar for oss, fortel Thorkildsen.

Treng frivillige

Korleis utlånssentralen skal driftast, er førebels litt uavklart, og gjengen etterlyser no frivillige som kan avsjå to-tre timar to dagar i veka.

– Vi ser for oss at utlånssentralen skal vera open to dagar i veka, i ungdomssenteret på Husnes si opningstid, når det likevel er folk her. Om nokon har lyst til å bidra kan dei kontakta meg, seier Thorsen.

BUA Kvinnherad ønskjer òg kontakt med idrettslag og organisasjonar, som kan testa utstyr, hjelpa til med opplæring og så vidare.

Framleis gjenstår ein stor jobb med å registrera inn alt utstyret, og det er bestilt inn meir enn det som finst i lokalet no. Gjengen gler seg likevel til opninga 13. mai. Då skal ordføraren klyppa snora, og det blir ei kjekk markering, lovar dei involverte.


FAKTA:

•BUA er eit landsomfattande konsept som Kvinnherad kommune har kjøpt lisens hos. Det finst 90 slike utlånssentralar i landet.

•BUA er eit «kinderegg» av eit tilbod: Det er for alle, uavhengig av sosiøkonomisk bakgrunn, det er miljøbesparande fordi du kan låna ting gratis og slepp å kjøpa det, og så får det fleire i aktivitet. BUA er nesten som eit bibliotek, berre med aktivitetsutstyr.

•BUA Kvinnherad er eit samarbeid mellom fleire kommunale aktørar: Frivilligsentralen, Kulturhuset Husnes, Utekontaktane, ungdomssenteret, Eining for Aktivitet, læring og meistring og undergruppa Aktiv fritid.

•BUA Kvinnherad har både eiga Facebook-side og eigen Instagram.

•På nettsida www.bua.io finn du meir informasjon om konseptet og korleis du kan registrera deg for å låna utstyr.

•Alle kan låna utstyr, men lånaren må ha norsk adresse og telefonnummer, og vera 18 år. Yngre personar kan òg låna, men då må ein føresett vera hovudlåntakar.

•Utgangspunktet er at ein kan låna utstyr i inntil éi veke, men det vil vera litt avhengig av kor mange som står på venteliste for å låna det, og kor i kommunen ein vil låna utstyret til. BUA Kvinnherad har eigen hengar som utstyret kan fraktast i.

Artikkeltags