Kvinnheringen intervjua meg nyleg om Fjelbergsambandet AS. Journalisten gjorde ein god jobb. Eg har ikkje noko merknad til det som vart artikkelen.

Når eg i ettertid ser og høyrer tolkinga og reaksjonane må eg innrømme at eg ikkje har gjort ein god jobb i møte med journalisten. Styret i Fjelbergsambandet hadde hatt eit styremøte med Kvinnherad kommune for å samordne oss og hjelpe kvarandre til god framdrift i reguleringsplanarbeidet og IKKJE kritisere kommunen. Både politikarane og deira leiing og administrasjonen gjer det dei maktar for å sikre god framdrift slik at ferjeavløysing med bru kan realiserast raskt.

Les også

«Forhåpentlegvis kan vi framover bruke meir ressursar på å syte for at meir laks faktisk kjem seg ut av elvane. Først då kan vi få meir laks tilbake å hauste av»

Det er likevel slik at dette arbeidet er avhengig av mange partar. Vi meiner at ikkje alle har prioritert dette arbeidet høgt nok. Dette er komplisert og samansett. Vi vil vere tydeleg på at vi ikkje er opptatte av å leite etter nokon å kritisere, men påverke og samhandle med alle slik at prosjektet kan realiserast raskt. No er vi optimistar, og legg all energi i arbeidet vidare.

Det er kjekt og nyttig at dei som ivrar for bru til Fjelbergøyane deltek i dette med tydeleg tilbakemelding til alle som har ansvar for og mynde til å realisere dette. Takk til dykk.

Odd Ivar Øvregård

konsulent for Fjelbergsambandet