Kvinnherad kommune om vaksinering: – Vi håpar å starta opp tidlegast i midten av januar

Foto:

Kvinnherad kommune planlegg no gjennomføring av massevaksinasjon mot covid-19.

DEL


Koronavaksine og vaksinasjon er gratis, skriv kommunen i ei pressemelding.

Norge vil få tilgang på fleire ulike vaksinetypar, men det er enno usikkerheit knytt til kor raskt vi får vaksine og kan tilby dei til anbefalte grupper. Vi håpar på å starta opp tidlegast i midten av januar, melder kommunen.

I starten vil det ikkje vera nok vaksine til alle som anbefalast koronavaksine. Basert på råd frå Folkehelseinstituttet har regjeringa gitt følgjande prioritering, med dei øvste prioriterte først:

· bebuarar på sjukeheim og omsorgsbustadar (gjeld eldre bebuarar)

· eldre over 85 år

· eldre over 75 år og deretter dei over 65 år

· personar mellom 18 og 64 år med éin eller fleire nærare spesifiserte sjukdomar som dei har frå før

Førebels er ikkje helsepersonell prioritert høgare enn desse gruppene, men dette kan endrast om smittepresset aukar, og visst smittesituasjonen i helseinstitusjonane endrar seg.

Kommunen vil i første omgang kontakta dei over 85 år, og deretter gå nedover på lista.

Det vil vera to vaksinasjonsstader i kommunen:

· Kulturhuset på Husnes

· Rosendal Samfunnshus

Kommunen oppmodar alle som har moglegheit om å komma seg til vaksinasjonsstaden for eiga maskin – dette for å effektivisera massevaksinasjonen.

For meir informasjon om koronavaksinering, sjå FHI og Kvinnherad kommune sine nettstadar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken