Har utvida søknadsfristen for stillinga som næringssjef i kommunen

FORLENGA FRIST: Kommunen har forlenga søknadsfristen for næringssjefstillinga til 13. juni. (Arkivfoto).

FORLENGA FRIST: Kommunen har forlenga søknadsfristen for næringssjefstillinga til 13. juni. (Arkivfoto).

– Næringssjefstillinga er i seg sjølv eit svært positivt signal om at Kvinnherad ønskjer å satsa på næringsutvikling, seier kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik.

DEL

Søknadsfristen er no forlenga til 13. juni, opplyser Bjerkvik. Ho vil ikkje gå inn på tal søkjarar så langt, men ønskjer seg altså fleire.

– Eg har ikkje sett på dei søknadane som er komne, men ut frå dei førespurnadane eg har fått i samband med utlysinga, har eg skjøna at vi må gjera meir for å skapa blest om den nye stillinga.

Bjerkvik meiner det kan vera ein flott jobb for ein kvinnhering – med rett bakgrunn – som ønskjer å flytta heim og vera ein ambassadør for Kvinnherad. Eller for andre som er ute etter spennande utfordringar, med godt høve til å forma sin eigen arbeidskvardag.

– Ein næringssjef skal mellom anna gi faglege råd til kommunen i næringssaker. Vedkomande må ha tett kontakt med næringslivet, og bør sjølv ha næringslivs-bakgrunn, gjerne frå fleire bransjar, seier Bjerkvik.

Vidare må næringssjefen heile tida jobba med å leggja til rette for nye arbeidsplassar. Kommunen har ein strategisk næringsplan under utvikling, og næringssjefen må naturleg nok inn i dette arbeidet.

– Ei klar målsetjing for næringssjefen vil vera å gjera det lettare for nyetablerarar å starta opp bedrifter Kvinnherad. Vidare må næringssjefen vera eit talerør for næringslivet, gjera industriområde og anna næringsareal kjent, tenkja langsiktig og arbeida med å modna næringsareal, seier Bjerkvik, og legg til at det ligg politisk vilje bak den nyoppretta stillinga.

Bjerkvik ser for seg at den kommunale næringssjefen vil ha eit tett samarbeid med Kvinnherad Næringsservice, men kommunedirektøren strekar under at kommunen har særlege behov som den lokale næringslivsorganisasjonen ikkje kan oppfylla.

– Då tenkjer er eg blant anna på kommunal saksbehandling, arbeid med bedrifter kommunen har eigarskap i, og fagleg rådgiving til kommunen i næringssaker. Det er nok behov for å laga nokre grenseoppgangar mellom oppgåvene til næringssjefen og Kvinnherad Næringsservice, seier Bjerkvik.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags