Kan nå ramma ved å leggja ned brannstasjonane i Uskedalen og på Halsnøy

(Arkivfoto: Torstein Lund Eik).

(Arkivfoto: Torstein Lund Eik).

Artikkelen er over 1 år gammel

Styrking av brannstasjonane på Husnes, i Rosendal og i Ølve. Nedlegging av til dømes stasjonane på Halsnøy og i Uskedalen.

DEL

Les også: Kan berre drifta fire av seks avdelingar ved Rosendalstunet (+)

Brann og redning må til med hard lut om ein skal koma i mål innanfor den tildelte ramma på 10,8 millionar kroner. I ei tilbakemelding på tildelt ramma, skriv brannsjef Atle Josdal at med redusert ramme vil leiinga måtta prioritera kjøp av utstyr til dei største brannstasjonane. «Nytt og moderne utstyr er ein føresetnad for å kunna løysa beredskapsoppgåver på ein tilfredsstillande måte».

På kuttsida er det stasjonsnedleggingar og mannskapsreduksjonar på mindre stader som blir lansert som sparetiltak: «Ved til dømes nedlegging av stasjonane på Halsnøy og i Uskedalen, og ein reduksjon i talet på mannskap på Varaldsøy, Åkra og Fjelberg frå åtte til seks, kan ein redusera kostnader med ca. kr. 400.000».

Brannsjefen understrekar at ein ikkje kan leggja ned brannstasjonar utan at dei resterande stasjonane vert styrka. «Brannstasjonane på Husnes, Rosendal og Ølve har til saman ca. 75–80% av alle utrykkingar, og desse stasjonane bør difor styrkast», skriv Josdal i konsekvensbrevet.

Eit anna poeng i brevet går på kvaliteten i eksisterande tenester, og Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB) sitt uttrykte ønskje om større og meir slagkraftige einingar. Her peikar brannsjefen på fordelar med færre, men større stasjonar: «Vi har dessverre erfart at ingen eller få mannskap møter ved alarm på enkelte stasjonar i Kvinnherad. Folk bur og arbeider ikkje på same stad lenger, slik som var meir vanleg tidlegare. Ved å satsa på større og meir slagkraftige brannstasjonar med betre utstyr og betre utdanna mannskap, vil vi også gi kommunens innbyggjarar ei teneste av høgare kvalitet».

Artikkeltags