– Kjære rådmann og einingsleiarar. Kvifor tilsetta kompetente folk til å vurdera, og så ikkje høyra på dei?

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Kvinnherad kommune bestemte seg for å ta imot 15 mindreårige asylsøkarar, og tok med det på seg eit stort og viktig ansvar. Kommunen oppretta bufellesskap og sette saman eit høgt kompetent team med menneske som skulle bli gutane sine omsorgspersonar.

DEL

MeiningarI Kvinnheringen 27. mai 2016 kunne vi lesa om informasjonsmøtet på Valen som hadde teke føre seg spørsmål rundt bufellesskapet som skulle koma i bygda. Der blei det bl.a spurt om kva som skjer med ungdommane når dei fyller 18 år.

– Dei bur i bufellesskapet til dei er klare til å flytta på eigen hybel. Men også der vil dei få noko tilsyn og oppbacking frå det offentlege. Samtidig veit vi at vi ikkje har lange tida på oss til å hjelpa ungdommane til å bli sjølvstendige, det er berre snakk om nokre år. Det er derfor det er så viktig at vi hjelper dei å byggja relasjonar som dei kan støtta seg på vidare i livet, svara Gammelsæther, fagkoordinator og leiar for bufelleskapa.

No, litt over eit år etter at dei fyrste gutane flytta inn, kjem meldinga om at dei som fyller 17 år skal flytta på hybel. 17 år. Er det alderen som er indikatoren på om ein er klar for hybellivet?

Eg var heldig og fekk vera av dei som tok imot, og har fått arbeida med desse einslege mindreårige gutane i skulen. Deira ulike historier og lagnadar har gjort sterkt inntrykk på alle som har fått tatt del i dei. Utfordringane med å flytta til ei ny bygd som minoritetsspråkleg, og åleine utan familie, var og er enorme, sjølvsagt, og eg tenkte dagleg; om dei berre kunne få kjenna på kjensla av å vera trygg igjen. Det trur eg alle involverte har hatt som mål for dei. Å gje dei tryggleik.

Etter at eg byrja i ny jobb har eg stadig sjekka med tidlegare kollegaer om stoda, og eg har forstått at litt etter litt har det utvikla seg ein god kvardag for gutane og rutinane har byrja sette seg. Sjokket var derfor stort då eg las at gutane no igjen må bryta opp. Eg blei fyrst veldig sint, og så veldig lei meg. Endå meir lei meg blei eg då eg i måndagsavisa fekk eit intrykk av at denne avgjersla er tatt på trass av åtvaringar og protestar frå dei som til dagleg omgåst gutane. Stemmer dette?

Eg forstår at vi slit økonomisk, men har du sagt A så får du søren meg seia B.  Dei folkevalde må ta ansvar for valet dei tok då dei sa ja til å ta imot desse som så sterkt trengte hjelp.

Her er nokre utdrag frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratets handbok for kommunane.

– Arbeid med einslege mindreårige flyktningar.

«Enslige mindeårige flyktninger er spesielt sårbare og skal prioriteres. De trenger trygge og gode oppvekstvilkår, og bosetting av disse krever et spesialtilpassa apparat i kommunen. Kommunene står fritt til å velge hvordan de vil organisere bosettingen, men har uansett plikt til å yte tjenester og tiltak etter lov om barnevernstjenester. Det skal foretas en konkret vurdering av den enkeltes behov og på denne bakgrunn tilbys egnet botiltak. Kommunen vurderer hva barnet trenger ut fra barnets egenart, bakgrunn erfaringer fra flukten, livssituasjon, og behov for omsorg, støtte, opplæring, helsehjelp, tiltak osv. Kommunen må legge vekt på barnets egen oppfatning.»

I handboka vert bufellesskap trekt fram som det best eigna tilbodet for barn over 15 år, og grunnane er mange og forståelege.

Kjære rådmann og einingsleiarar;

Kvifor gjera etter boka og tilsetta kompetente folk for å vurdera, evaluera og tilpassa tilbodet, for så å i neste omgang ikkje høyre på kva dei kompetente har å seia?

Kvifor føler eg eg har høyrt dette før?

Eg spør fordi eg undrar meg. Eg håper at eg i denne saken har tolka nyhenda feil, og at de har tatt omsyn til den enkeltes behov og livssituasjon. At de har høyrt på fagpersonane rundt gutane.

Om det er sånn at det er pengane som er argumentet, vil eg setja spørsmål ved samfunnsøkonomien i vedtaket. Kommunen må fullføre jobben ein tok på seg.

Charles Brower sa så lurt:

Du kan ikke senke andres ende av båten og fremdeles holde din egen flytende.

Artikkeltags