Varslar flaum- og jordskredfare

(Arkivfoto).

(Arkivfoto).

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt ut varsel om flaum- og jordskredfare på aktsomhetsnivå oransje, og stor snøskredfare (faregrad 4) i Rogaland og Hordaland.

Det er meldt store nedbørsmengder på 300-400 mm. over ein periode på tre dagar. Vind og temperaturauke vil i tillegg føra til snøsmelting i fjella.

– Frå i morgon kan vi få ein alvorleg flaum- og skredsituasjon i Hordaland og Rogaland. Viss nedbørsprognosane slår til, kan dette bli verre enn dei to siste flaumane i same område, seier direktør for skred- og vassdragsavdelinga i NVE, Anne Britt Leifseth, i ei pressemelding måndag kveld.

Flaumen for tre år sidan førte blant anna til store skader i Odda.

Først tirsdag føremiddag venter vi den første intense nedbøren, heiter det i pressemeldinga. Det vil også komma mykje nedbør fram mot torsdag.

Se varsl for flaum, jord- og snøskred på varsom.no.

Les mer: faregradsskalaen for snøskredvarslingen

Les mer: Fare for flom og jordskred – hva kan du gjøre?

Les mer: sørpeskred

Artikkeltags