Kjellfrid Bruntveit sat og strikka i leiligheten sin i fjerde etasje på Coop-bygget på Husnes, då jordskjelvet kom rundt klokka 9.47 tysdag morgon.

– Glasa klirra og eg kunne kjenna golvet bevega seg. Eg gjekk ut på terrassen for å sjå om det var ein trailer eller noko slikt. Det var frykteleg ubehageleg, seier ho.

Hunden hennar reagerte også, og hoppa brått ned frå sofaen.

– Eg kan ikkje hugsa eg har merka jordskjelv så godt tidlegare, sjølv om det har vore nokre småskjelv opp gjennom tida, seier Bruntveit til Kvinnheringen.

Ifølgje Norsk nasjonalt seismisk nettverk hadde skjelvet, som hadde episenter vest for Øygarden, ein styrke på 3.8. Fleire personar tok kontakt med Kvinnheringen tysdag, og fortalde at dei hadde merka skjelvet.

Tips oss! Telefon: 534 82 130 | E-post: redaksjon@kvinnheringen.no