Ønskjer meir rettferdig fordeling av treningstider

Artikkelen er over 1 år gammel

Idrettslaga i kommunen som leiger kommunale gymsalar og basseng til trening, bør stilla på eitt av informasjonsmøta til kommunen på Husnes eller i Rosendal neste veke.

DEL

Det har lenge vore ulik praksis og uklare retningslinjer for utlån av kommunale bygg til idrettslag, med ulike ordningar frå skulebygg til skulebygg. I april i fjor vedtok derfor kommunestyret nye retningslinjer for utlån og utleige, satsar for utlån, og at tildeling av lokale til faste treningar skal skje sentralt etter ei samla vurdering. Slik skal ein prøva å få betre kontroll og ei meir rettferdig ordning for alle idrettslaga. Måndag kveld vil det vera eit informasjonsmøte om temaet i Festsalen i Kulturhuset Husnes, og eit liknande møte skal haldast i kommunestyresalen i rådhuset i Rosendal på onsdag. På desse informasjonsmøta vil idrettslag få informasjon om dei nye retningslinjene, og følgjande punkt:

●Skjema for utfylling av ønska treningstid

●Elektronisk bestilling som snart skal innførast

●Nytt nøkkelsystem

●Reinhaldsrutinar

●Prisar for leigetakarar

●Bassengrutinar

Eit nytt elektronisk system og ny programvare skal nemleg på plass etter kvart, og lokale som er tilgjengelege for utleige og utlån skal presenterast på Kvinnherad kommune si heimeside og enkelt bestillast der. Kommunalsjef Gunn Tove Petterteig skal leia møta saman med Knut Bjørgvik som er ansvarleg for bygg. Ho fortel at det ikkje vil bli nokon diskusjon om leigesatsar på desse opne informasjonsmøta, berre informasjon frå kommunen. Leigesatsane er allereie vedtekne politisk, og skal reviderast årleg i samband med budsjettarbeid. For nokre idrettslag kan dei nye retningslinjene gi ein betre situasjon enn slik det har vore, medan det for andre vil bli endringar. Seinare vil ein òg ta ei politisk evaluering av desse nye retningslinjene, slik at ein saman kan prøva å finna dei beste løysingane, informerer Petterteig.

Artikkeltags