Sa ja til busetjing av flyktningar

Øyvind Utne (t.h.) kom med ei bestilling til Rådmannen under kommunestyremøtet torsdag før jul.

Øyvind Utne (t.h.) kom med ei bestilling til Rådmannen under kommunestyremøtet torsdag før jul.

DEL

Kommunestyret gjekk samrøystes inn for Rådmannen si innstilling om å busetja ti vaksne flyktningar i 2018. Øyvind Utne (H) kom elles med ei bestilling til Rådmannen:

– Eg er samd i Rådmannen si innstilling, men kunne samstundes ønskt litt kunnskap om flyktningane vi har teke imot til no. Kor mange har vi teke imot dei siste 15 åra? Kor mange bur i Kvinnherad i dag, og korleis står det til med yrkesaktiviteten for desse? Dette er ting som kunne vore interessant å vita, sa Utne.

– Eg håpar du forstår, ordførar, at det kan vera vanskeleg å svara på ståande fot. Ein del av dette er vanskeleg å talfesta, men eg skal gjera kva eg kan for at vi skal få eit nokolunde bilde av dette, svara rådmannen.

Artikkeltags