Kvinnheringen har starta ein eigen innsamlingsaksjon til Kreftforeningen. Gi ditt bidrag her.

Kvinnherad kommune hadde kreftkoordinator i fire år. Hardeland Hjelmeland var kreftkoordinator frå 2012 fram til 2014, då Wanda Eliassen Medhus tok over stillinga. Men 1. oktober 2016 blei funksjonen avvikla.

Vi spør nytilsett sektorleiar for omsorg, helse og sosial i Kvinnherad kommune, Bjørg Wangensten, om kvifor koordinatorstillinga blei fjerna. Ho svarar følgjande på e-post:

«Det er tilbodet til den kreftsjuke som er viktig, og kvar enkelt kommune må sjå på korleis dette best kan ordnast lokalt. Kvinnherad har valt å organisera kreftsjukepleiarane i einingane for heimetenester. På denne måten får ein nytta spisskompetansen best mogleg både i direkte brukarretta arbeid, og indirekte ved hjelp av rettleiing og tett samarbeid med anna personale. Kompetansen blir organisert på lik linje med anna spisskompetanse som til dømes diabetes, kols, demens med meir. Kommunen står friare i bruk av kompetansen når ein ikkje får tilskot frå Kreftforeningen, som for 2017 ville ha utgjort 40 prosent for deretter å bli redusert til 20 prosent. Støtteordninga frå Kreftforeningen forpliktar rapporteringar og deltaking i ulike nettverksmøte, noko som medfører ressursbruk i form av både tid og kostnadar.»

No må den kreftsjuke eller pårørande ta kontakt med tildelingskonto-ret, som så «losa» pasienten til rett kreftsjukepleiar. Kvinnherad kommune har to kreftsjukepleiarar, éin i heimeteneste Sør og éin i heimeteneste Nord. Når ein pasient er blitt så sjuk at vedkommande vil eller må inn på institusjon, er det i hovudsak Husnestunet som har eit eige rom for kreftsjuke.

– Vi strekkjer oss langt for å koma pasienten i møte, om vedkommande ønskjer å liggja på ein sjukeheim nærmare heimen, eller om vedkommande vil dø heime, seier sektorleiar Wangensten.

Manglar innsikt

Inger Helen Hardeland Hjelmeland er svært skuffa over leiinga i kommunen som valde å leggja ned koordinatorstillinga.

– Rådmannen seier i den nye organisasjonsplanen at ein no skal arbeida kunnskapsbasert i Kvinnherad kommune. Å fjerna kreftkoordinatoren går heilt på tvers av råd og anbefalingar frå brukarorganisasjonar og fagmiljø, tidlegare forsking og pålegg frå Helsedirektoratet og Stortinget. Korleis er dette å arbeide kunnskapsbasert? spør ho.

Ho viser til at ifølgje Norsk kreftstrategi så skal alle norske kommunar ha kreftkoordinator frå desember 2016.

– For meg verkar dette derfor som ei forhasta avgjersle av Kvinnherad kommune, tatt på sviktande kunnskapsgrunnlag, som det seinare har gått prestisje i. Etter å ha jobba «halve livet» med dette fagområdet, har eg vore djupt fortvila over den retninga rådmannen vel å føra kreftomsorga i kommunen vår.

Kreftkoordinatoren blei driven som eit lågterkseltilbod, der pasient og pårørande kunne ta direkte kontakt, utan tilvising frå til dømes lege. Hardeland Hjelmeland spør seg om noverande leiing i kommunen har gløymt den viktige pasientgruppa som ikkje er tilknytt pleie- og om-sorgstenesta i kommunen.

– Kva med alle dei som har ein diagnose, er i behandling, og som har behov for lokal hjelp og støtte, men som ikkje treng vedtakstimar frå pleie og omsorg? Desse pasientane og deira familiar utgjer over halv-parten av brukarane av ei kreftkoordinatorteneste, og treng nokon med høg kompetanse som kan hjelpa med informasjon og støtte i ei ekstremt krevjande tid. Dei treng «hjelp til sjølvhjelp»!

Personleg erfaring

Som sjukepleiar og spesialsjukepleiar har ho i mange år studert og arbeidd systematisk med kommunal kreftomsorg, både her i kommu-nen og utanfor. Hjelmeland Hardeland har mellom anna gjort to studiar på emnet, ein litteraturstudie/gjennomgang av tidlegare forsking i 2009, og ein masterstudie i 2015. Litteraturstudien hadde fokus på kva helsetilbod kreftsjuke har behov for i kommunane, medan masterstudien er ein kvalitativ studie frå 12 kommunar i Norge, som har innført kreftkoordinator. Hardeland Hjelmeland har også fått erfara kreftsjukdom i nær familie. Då ho var 18 år gamal vart søstera Tone, alvorleg kreftsjuk. Ho var då nybakt mor til ein liten gut på 10 veker. Ho vart frisk av kreften, men fekk store skadar som ho måtte leve med resten av livet. Fire år seinare, ein månad før ho starta på bachelorutdanning i sjukepleie, døydde faren av kreft, 52 år gamal.

– Det å ha erfaringar som pårørande har vore med å forma meg som fagperson. Tema for mi bacheloroppgåve vart, kanskje ikkje så overraskande, lindrande behandling til kreftsjuke, fortel Hardeland Hjelmeland.

Var ein føregangskommune

Ho viser til historikken til lindrande behandling og kreftomsorg i Kvinnherad, der Kvinnherad kommune frå 2002 har vore ein del av eit ressursnettverk i lindrande behandling og kreftomsorg i Helse Vest, regulert av ein forpliktande avtale på rådmannsnivå, mellom kommunane, Helse Fonna, Kreftforeningen og Kompetansesenteret i lindrande behandling Helse Vest. Dette nettverket, beståande av ressurssjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionomar, legespesialistar, prest med fleire, har vore av stor verdi for tilbodet til kreftramma familiar.

– Kommunar som bruker ressurspersonar og nettverk konstruktivt sparar pengar, og pasientane får meir saumlause tenester av høgare kvalitet. I tillegg er personane som jobbar med så alvorleg sjukdom, liding og død, ei svært utsatt gruppe helsearbeidarar. Det å ha eit fagleg nettverk i ryggen er heilt sentralt for å kunna «stå i» dette arbeidet over tid, fortel ho.

Frå 2010–2012 fekk Kvinnherad kommune prosjektmidlar frå Helsedirektoratet til å driva utviklingsarbeid innan lindrande behandling og kreftomsorg. Inger Helen Hardeland Hjelmeland var sentral i dette arbeidet, både i utvikling av prosjektsøknad, og som prosjektleiar. Leif Kongestøl var også sentral i dette arbeidet, som prosjektansvarleg.

– Prosjektet vårt vart anerkjent i fagmiljøet på Vestlandet. Fleire andre kommunar utarbeidde seinare eigne prosjektsøknader til Helsedirektoratet etter modell av arbeidet vårt. Kvinnherad var i denne tida rekna som ein føregangskommune, som arbeidde etter prinsippa for «beste praksis» innan kreftomsorg. Den kompetansehevinga vi såg i pleie og omsorg i denne tida fekk positive ringverknader for heile tenesta. Dette fordi kunnskap og kompetanse er svært overførbart mellom pasient- og pårørande-grupper.

Hardeland Hjelmeland peikar på at ho kjenner til at Kvinnherad kommune har finansiert utdanning for minst seks kreftsjukepleiarar. Tre av desse, ho sjølv inkludert, jobbar no for andre arbeidsgivarar.

– Dette verkar som svært dårleg utnytting av tilgjengeleg kompetanse ein faktisk har betalt for. Kreftomsorg er ikkje noko ein arbeider med i «ledige stunder», det er eit systematisk arbeid med store kompetansekrav, som krev fleksible rammer. Behovet for undervisning og kurs er konstant dersom ein vil oppretthalda same kvalitet i tenestene. Når sektorleiar uttalar at nettverksarbeid ikkje er noko ein vil prioritera, så lover det ikkje godt for ressursbruken.

Tilbodet til kreftpasientar i andre kommunar

Kvinnheringen har sjekka korleis tilbodet er i andre kommunar:

Etne kommune har frå 2014 «delt» på ein kreftkoordinator saman med kommunane Vindafjord, Sauda og Suldal, men koordinatorstil-linga skal fjernast i mai i år. Kreftkoordinatoren i 100 prosent stilling har hatt ansvar for rettleiing og faste møte for kreftsjukepleiarane i dei fire kommunane. Etne kommune har ein kreftsjukepleiar i 50 prosent.

Odda kommune har hatt kreftkoordinator i 50 prosent stilling sidan 2012, som per i dag er organisert under verksemdsleiar for heimesjukepleien. I dag har dei éin kreftsjukepleiar i heimesjukepleien, tre kreftsjukepleiarar ved Bokko bo- og behandlingssenter, to palliasjonssjukepleiarar og fem hjelpepleiarar med vidareutdanning i kreft.

I Stord kommune har dei kreftkoordinator i 60 prosent stilling. Denne stillinga er utanom sjukepleiarane på institusjonar og i heimetenesta som har vidareutdanning i kreft. Kreftkoordinatoren har ansvar for lågterskeloppfølginga, men følgjer også opp andre brukarar i samarbeid med øvrige tenester i kommunen.