«Løyvingane har gått drastisk ned innanfor drift og vedlikehald dei siste åra, og er per i dag underfinansierte og urealistiske»

Av
DEL

MEININGARKvinnherad kommune har over mange år investert i bygningar, brann, vatn, vegar, kaiar, grøntareal osv. Dette er store verdiar som må driftast og vedlikehaldast til ei kvar tid.

Løyvingane har gått drastisk ned innanfor drift og vedlikehald dei siste åra, og er per i dag underfinansierte og urealistiske. Umogeleg å halda. (Ekstra løyvingar ved dei siste års budsjettrevisjonar utan at det er til særleg hjelp). Dette gir utslag i aukande etterslep, kostnad og forfall. Me har også store nedbørsmengder som eit forelda røyrsystem må takla. Her er det stort behov for utskiftingar. Dette krev auka drift og vedlikehaldsmidlar.

Ap vil derfor skaffa fram ein oversikt på etterslep og nødvendig tiltak for å laga ein driftsplan, der me kan ivareta og vedlikehalda den investerte kapitalen. Me vil leggja denne kostnaden inn i økonomiplanen, samt budsjetta, på eit realistisk nivå. Også driftsmidlar og vedlikehaldskostnader for nye prosjekt, må leggjast inn med løyving frå første driftsdag.

Kort sagt: Ap vil syta for at drifta og vedlikehaldet innafor Teknikk og miljø i framtida, skal vera på eit realistisk og forutsigbart nivå i Kvinnherad. Dette skal visa att.

Øyvind Hardeland

Ap

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags