Har bestilt 2.400 tablettar som motverkar radioaktivt jod

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Styresmaktene meiner faren for atomulukker har auka her i landet, både på grunn av aldrande atomkraftverk i Europa og fordi det er ein aukande spenning mellom Russland og Vesten. Langs Norskekysten frekventerer stadig fleire russiske atomubåtar.

Styresmaktene har difor rådd til at kommunane kjøper inn jodtablettar som motverkar radioaktivt jod ved ei eventuell atomulukke, og dermed kan minska faren for kreft i skjoldbruskkjertelen hjå barn og unge. Kvinnherad kommune har no bestilt inn 2.400 jodtablettar, som vert lagra i tilfelle eit atomuhell.

– Dette dekkjer behovet for dei aktuelle gruppene ved ei atomhending. Vi skal laga ein plan for lagring og distribusjon i løpet av denne veka, opplyser kommuneoverlege Glenn A. Opland.

Artikkeltags