Fredag skal tett på 500 kommunetilsette samlast til felles fagdag

Dette bildet er frå ei samling for tilsette i skulane og PPT-tenesta i 2016. (Arkivfoto).

Dette bildet er frå ei samling for tilsette i skulane og PPT-tenesta i 2016. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Kvinnherad kommune slår på stortromma for eit inkluderande barnehage- og skulemiljø.

DEL

Fredag 2. november vert alle tilsette i skular og barnehagar, samt representantar for helsestasjonane, barnevernet, PPT og avdeling for ressurs og tiltak samla i Kulturhuset Husnes til ein felles fagdag for eit inkluderande miljø, står det i ei pressemelding frå sektorleiar Anne Sofie Bjelland Kjeka. Nesten 500 personar blir samla denne dagen.

– Målsetjinga med satsinga er at alle barn og unge skal oppleva eit godt og tilpassa oppvekstmiljø utan krenkingar, der dei kjenner seg inkluderte. Universitet og høgskulemiljø i Hordaland er med i satsinga og skal vera støttespelarar i arbeidet. Barnehage- og skuleleiarane har eit særskilt ansvar, og får denne hausten og våren eit kompetanseløft saman med høgskulemiljøet i NLA. Kommunen har fått statlege midlar til satsinga og har ressurspersonar både innanfor barnehage og skule. Fagdagen er for å motivera dei tilsette, og for å heva kompetansen på området. Dei vaksne sine haldningar og måtar å møta barn og føresette på, er avgjerande for å lukkast med arbeidet. Det er første gongen at heile oppvekstsektoren har ei så omfattande satsing, som skal nå absolutt alle barn og unge i kommunen vår. Arrangementet er todelt og har to førelesarar, Erlend Moen og Camilla Otterlei. Moen har lang erfaring som lærar i barne- og ungdomsskule. Han har arbeidd i Trondheim kommune sitt skuleteam og er forfattar av bøker som handlar om mobbing. Otterlei er kunstnar og forfattar. Ho har skrive boka «Kunsten å møte en bjørn», står det å lesa i pressemeldinga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags