Kommunen gjekk med 55 mill. i overskot i fjor

Rådhuset i Rosendal. (Arkivfoto).

Rådhuset i Rosendal. (Arkivfoto).

Trass i minus for Kraftfondet, viser kommunerekneskapen for 2018 eit overskot på 55 millionar kroner.

DEL

Dette går fram av rekneskapen for 2018, som saman med årsmeldinga skal til politisk behandling i formannskapsmøtet torsdag kveld og vidare til kommunestyret.

I innstillinga blir det føreslått at overskotet, 54.991.363 kroner, vert disponert slik:

• Oppskriving av eigenkapitaldelen i Kraftfondet; 16.400.000 kroner.

• Premieavvik; 11.000.000 kroner.

• Avsetting Havbruksfond; 27.591.363 kroner.

I saksutgreiinga blir det forklart at mesteparten av overskotet kjem frå Havbruksfondet (40 mill. kroner), pensjonstransaksjonar og sal av konsesjonsstraum.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags