Vil be administrasjonen om ny runde i saka om mindreårige asylsøkjarar

STERKE INNTRYKK: Ordførar Peder Sjo Slettebø fortel om sterke inn-trykk då han møtte afghanske ungdommar til middag denne veka. (Arkivfoto).

STERKE INNTRYKK: Ordførar Peder Sjo Slettebø fortel om sterke inn-trykk då han møtte afghanske ungdommar til middag denne veka. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 2 år gammel

Ordførar Peder Sjo Slettebø fortel om ei flott middagsstund med mindreårige asylsøkjarar på måndag. Han vil be administrasjonen ta ein ny runde på saka om å flytta dei på hybel det året dei blir 17 år.

DEL

Som Kvinnheringen skreiv på måndag, vart ordføraren invitert på middag til eitt av bufellesskapa for mindreårige asylsøkjarar måndag kveld. Bakgrunnen var at tilsette og gutane sjølv har ei von om at han kan gripa inn i vedtaket til administrasjonen om å flytta gutane på hybel det året dei fyller 17 i staden for 18.

Kommunen får færre midlar til mindreårige flyktningar neste år, og alt då kommunen vedtok å oppretta bufellesskap, vart det òg sagt at det ville koma endringar den dagen midlane frå staten vert reduserte. Den vidare organiseringa av bufellesskapa vart delegert til administrasjonen, og Slettebø ville ikkje koma med nokre lovnadar før middagen. Han ønskte likevel å ta turen for å lytta til gutane og dei tilsette.

– Vi hadde ein veldig hyggeleg middag, og eg er glad for at dei inviterte meg. Eg fekk høyra gutane sine historier, både om flukta frå Afghanistan og om livet her i Kvinnherad. Det er heilt klart at dei har opplevd svært tøffe ting i sine unge liv, og det gjorde sterkt inntrykk å høyra på dei, seier Slettebø til Kvinnheringen.

Han blei oppløfta over at dei viste så stor optimisme for framtida.

– Gutane gav uttrykk for at dei vil skapa seg gode og trygge liv her i Norge, og dei verkar godt integrerte allereie. Inntrykket mitt er at personalet i bufellesskapa har gjort ein god jobb med dei.

– Vil du gjera noko i høve til vedtaket?

– Ideelt sett skulle ein kome inn i prosessar på eit langt tidlegare tidspunkt. Men slik blir det ikkje alltid. Eg vil be administrasjonen om å ta ein ny runde på dette, så får ein sjå om det kjem nye moment fram. Kanskje kan ein finna andre, meir tilpassa løysingar. Prosessen vidare vil òg visa om det er grunnlag for ei politisk behandling av dette eller ikkje, seier Slettebø.

Artikkeltags