– Kva skjer med Varaldsøy aldersheim?

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Gunnar Våge tok i formannskapsmøte torsdag opp kva som vil skje med Varaldsøy aldersheim når Rosendalstunet opnar.

DEL

– I januar opnar nye Rosendalstunet og det blir utflytting igjen frå Varaldsøy aldersheim. Kor langt er ein kome med korleis Varaldsøy aldersheim skal driftast etter dette? Eg veit det har vore fleire møte mellom kommunen, sanitetslaget og tilsette, og mange lurer på kvar saka står, sa Gunnar Våge (Sp) i formannskapet.

Han lurte òg på om politikarane vil synleggjera noko i budsjettet med omsyn til drift av aldersheimen.

Rådmann Odd Ivar Øvregård informerte om dette også i kommunestyret sist, og sa det var lite nytt å koma med. Det var ikkje kome løysingar på det med nattevaktsproblematikk. Noko kronebeløp blir heller ikkje lagt inn i budsjettet, men det vil koma noko som seier noko om kva aktivitet som skal vera der.

– Vi driv med ein kostnadsanalyse av heile sektoren, og vil i budsjettet velja å prioritera pengar til omsorg, helse og sosial, på grunn av utfordringane der, sa rådmannen.

Artikkeltags