Utan kontroll på pengane

Av

I avisene i det siste kan me lese det utrulege at når Rosendalstunet opnar vert det femten færre slike plassar i kommunen. Korleis i alle dagar har politikarane stelt seg?

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

MeiningarDet viser at dei har null kontroll på økonomi. Nokre døme, dei har kjøpt ei vasskada «rønne» på Husnes, seljaren kan kose seg resten av livet. Absolutt ingen veit sluttsummen på skandalen. Dei byggjer ny veg på Husnes, endå den var mykje betre enn veldig mange fylkesvegar her. Dei planlegg idrettshall som om me skulle bu i ein storby.

Det er planlagt utallege nye bygg for vanskelegstilte ungdomar, greitt det sjølvsagt for dei norske som har det vanskeleg, men ein stor del av desse skal brukast til immigrantar.

Når me er inne på immigrantane, støtt poppar det opp «gråtekoner» som syns det er så ille at dei må reisa heimatt til «farlege» land. Norsk politikk er snart styrt av desse sytepavane på fjernsyn. Dei fleste land i verda er farlege dersom me samanliknar med vårt, men i m.a. Afghanistan er der no 15 mill. mindreårige, og dei fleste kjem levande frå det. USA er faktisk farlegare, og enno ville ein milliard menneske reist dit på dagen hadde dei fått lov. Og korleis kan det ha seg at det går fullasta fly mange gonger kvar dag med ferierande «flyktningar» frå Europa og tilbake til dersse «farlege» landa, m.a. Eritrea, og Somalia, som forresten har statsminister og president, som er norsk og amerikansk statsborgar. Til Somalia reiser og mange for skikkeleg skulegang og heilt nødvendige operasjonar. I Afghanistan blir mest alle utviste herifrå henta på flyplassen av familie. Eg har og null sympati for dei som flyktar frå landet sitt Eritrea, for å lura seg unna militærteneste.

Dersom desse «barna» får vera her, så vil dei om nokre år kunne få familien hit, kanskje far med to-tre koner og x antal barn. Ja, der er faktisk eksempel på det frå Sverige, og dei styrande har sagt at det er ei vanskeleg sak.

Om kommuneøkonomien kan me få vite det meste, tal tilsette i helsevesen, skulen, teknisk, brannvesen, barnevern, pluss, pluss. Og kostnaden på alt i detalj, særleg får me høyre jamringa om kor dyre sjukeheimane er og at me har for mange skular.

Me får ikkje eit pip om kostnaden med innvandringa. Eg trur eg spør for mange når eg kan tenke meg å få fram nokre enkle tal på kor mange tilsette det er i innvandrartenesta, kor mange gratis hus opptek innvandrarane, kva kostar dei skuleverket og helsevesenet (men det er vel godt gøymt elles i budsjetta). Og dei mindreårige skal og ha døgnvakt.

Og så har vel dei fleste fått med seg kjempeskandalen då forskaren i SSB som har lagt fram tal på dei enorme kostnadene med innvandringa, fekk «sparken»! Slikt gjer ein når ein vil lure folk til å tru at alt er bra.

Når alt dette er sagt, så meiner eg og at dei som alt er her skal handsamast skikkeleg, men heller ikkje så veldig mykje betre enn norsk ungdom, sjå m.a. dei som har fått gratis sertifikat og rentefrie lån til bil på Sørlandet.

Ein spådom til slutt: Dette vert verre, mykje verre. Kina byggjer no ut jernbanar i eit rasande tempo mot Europa, og eit utal kjempehamnar i Afrika, Asia og Europa for eksport av alt dei lagar. Når dei har utkonkurrert Hydro og kjøpt opp og lagt ned Palfinger, korleis blir det då?

Johs. Bondhus

Artikkeltags