Replikk til saka om varsling og fryktkultur

Av
DEL

MEININGAR:Det var med undring eg las replikken frå hovudtillitsvald i Fagforbundet, Line Haugand.

Møyfrid Kristoffersen uttalar seg til pressa om varsling og ytringsfridom, og Line Haugland sitt svar er at ho meiner det er eit godt samarbeid mellom tilsette og leiing i kommunen. Ho seier vidare at det må vera stor takhøgd for tilsette til å ytra seg, men viser samtidig til «Ver varsam-plakat». Rådmannen seier at det er fritt til å ytra seg, men viser samtidig til at ein skal gå tenesteveg. Her er det berre å tolka sjølv.

Det er ikkje takhøgda som avgjer retten til å ytra seg, men norsk grunnlov! Det ein må halda seg til er teieplikta, at ein skal snakka som privatperson og/eller fagperson, og at ein ikkje kan uttala seg på vegner av kommunen.

Det var ein kommunepolitikar som tidlegare stilte spørsmål ved om det var fryktkultur i kommunen. Vedkomande gjorde det på bakgrunn av ting han var blitt gjort merksam på. Me er fleire som veit om leie saker. I kommunen er det mange små stillingsbrøkar og mykje bruk av vikarar. At ikkje så mange saker kjem til fagforbunda, kan m.a. skuldast at dei involverte personane ikkje er fagorganiserte. Ein vil i tillegg lett kunna kjenna seg sårbar av same årsak.

Eg synest det er skuffande å lesa at hovudtillitsvald i denne aktuelle saka, vel å legga vekta på at det er gode samarbeidsforhold mellom fagforbund og kommuneleiing, og at partane er vel forlikte etter tøffe diskusjonar. Det ville vore langt meir interessant for tilsette om forbundet hadde fokus på kva som kan skje mellom kommuneleiing og arbeidstakar etter tøffe diskusjonar!

Det er dessverre slik at mange kvir seg for å kritisera eller å ytra seg til pressa. Mange kjenner seg usikre utan å ha fast stilling eller å vera organiserte.

Eg har ei kjensle av god vilje til å friskmelda kommuneorganisasjonen frå både Rådmann og hovudtillitsvald. Dei bør hugsa at dei snakkar på vegner av andre. Det ville vera rart om Kvinnherad kommune er den eine kommunen som har alt på stell.

Eit felles mål for alle må vera at Kvinnherad kommune må ha ein personalpolitikk der det kjennest trygt å ytra seg og varsla om kritikkverdige forhold.

Margit Eriksen

Artikkeltags