Vil redusera talet politikarar – kan hindra små parti i å komma i kommunestyret

VILLE HA MISTA TO: Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre hadde mista to representantar kvar dersom det hadde vore 27 representantar i denne perioden, i staden for 35 slik det er i dag.

VILLE HA MISTA TO: Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre hadde mista to representantar kvar dersom det hadde vore 27 representantar i denne perioden, i staden for 35 slik det er i dag. Foto:

Det kan føra til at mindre parti ikkje blir representerte, i tillegg til ei mindre geografisk spreiing blant representantane.

DEL

I eit saksframlegg til formannskapsmøtet onsdag 14. november, føreslår rådmannen å redusera tal kommunestyrerepresentantar frå 35 faste til 27, som er minimumskravet for ein kommune med vår storleik. Rådmannen føreslår også å redusera frå ni representantar i formannskapet til sju. Dette vil bli første endring på 11 år.
I saksutgreiinga står det at ein fleire stader opplever det at blir ei større utfordring å få lokalpolitisk engasjement. Difor har fleire kommunar redusert talet på representantar i kommunestyre og formannskape. Viss formannskapet går inn for forslaget, vil denne reduksjonen tre i kraft frå førstkommande kommuneval.

Sparer minst 200.000

Ved å redusera kommunestyret med 8 representantar, vil det gi ei minimum innsparing på 200.000 kroner. Viss ein tar med reduksjonane i formannskapet og komiteane, vil innsparingane bli endå større.

I utgreiinga skriv rådmannen at det også vil bli lettare å få tak i vararepresentantar, då det i dag er utfordrande å få nok varamedlemmer til å møta. I tillegg meiner rådmannen at dei som blir valt vil få større påverknadskraft. Viss det hadde vore 27 representantar i denne perioden, ville Høgre, Arbeidarpartiet og Senterpartiet mista to representantar, medan Framstegspartiet og Sosialistisk fellesliste ville mista éin.

Små parti i faresona

Det som kan skje dersom reduksjonen blir realitet, er at dei små partia ikkje blir representerte i kommunestyret. Det kan også vera fare for at ein reduksjon går utover breidda i den geografiske representasjonen i kommunestyret.

Artikkeltags