Utfordringar med reinhald

Artikkelen er over 2 år gammel

Innanfor tekniske tenester forklara rådmann Odd Ivar Øvregård at dei største utfordringane med budsjettet er innan reinhald.

DEL

– Areala som skal vaskast veks, og vi må sjå korleis vi skal løysa dette. Vi ser om vi kan gjera dette meir behovsbasert, og ikkje frekvensbasert. På nokre område vil det då bli dårlegare enn i dag, medan prioriterte område som lege, helse og skule blir prioritert som i dag, sa Øvregård.

Han meinte det ville bli ein utfordrande modell, der leiarane av einingane må vera motiverte til å vurdera kor stort behovet for reinhald er.

Den andre utfordringa er på bygg. Kommunen har bygg som kostar å driva, og ordningar som seier det skal brukast gratis og tilbod til brukarar som ikkje skal betala. Samstundes har kommunen etterslep på vedlikehald, for at bygg skal oppretthalda verdien og standard. Han opplyste at ein held på å utarbeida ein vedlikehaldsplan.

Artikkeltags