Denne saka blei skrive før torsdagens nyheit om at samferdsleutvalet har løyvd 300 millionar kroner til rassikring på Kroka, 200 millionar meir enn først antatt!

Benthe Bondhus har vore fylkespolitikar i snart fem periodar. Kontrastane er store, frå Agnes Mowinckels gate i Bergen der Hordaland fylkeskommune sitt bygg ligg, til vesle Sundal i ytterkanten av Kvinnherad.

Kvinnheringen møter ho heime på garden. Til middag kjem Mathea Sandvik Bondhus (barnebarn), Målfrid Skeie Enæs, Eirik Pedersen Fureberg og Jon Godtskalk Bondhus (barnebarn).

Innbyggjarane i Sundal og Mauranger-området har i årevis venta på utbetringar ved Kroka-parsellen og Furebergfossen. Med den ferske «Kvinnheradpakken» på plass, ser det endeleg ut til å skje noko.

Ungdomane rundt middagsbordet har ulike opplevingar langs strekninga til Rosendal.

– Vi var utruleg nærme å køyra inn i ein stein på storleik med bilen på nyåret i år. Den låg midt i vegen. Eg kom skada frå fotballtrening i Rosendal, og hadde skuldera ute av ledd. Vi måtte venta til midnatt før vi fekk gå forbi og bli henta på andre sida. Det skjer ingenting her inne, og det har vi sikkert sagt i ti år. Eg blir ikkje overraska om det skjer noko alvorleg, forklarar ei frustrert Mathea (16).

 

Bestemor Benthe sit i fylkesutvalet som gruppeleiar for Senterpartiet. Ho er blant anna Hordaland sitt medlem i Nasjonal rassikringsgruppe, der ho har sete sidan 2001.

– Det er noko eg trivst med, sjølv om det blir kolossalt mange reisetimar på fritida. Målet vårt er at all offentleg veg i Norge skal vera rassikra innan 2030. Om du set deg i bilen og køyrer, er det ikkje ditt ansvar om det losnar ein stein frå fjellet som kjem ned over hovudet på deg. Det er eit overordna nasjonalt ansvar, seier Bondhus.

Som medlem i Nasjonal rassikringsgruppe får ho reisa land og strand i Norge og sjå kva ulike utfordringar folk har i kvardagen.

– Det er utfordrande, men positivt, i den forstand at eg får møta folk og sjå kva utfordringar dei må leva med. Det er ikkje alltid kjekt, men gjev inntrykk. Det gjer meg berre meir overbevist om at det er viktig å bruka fellesskapet sine midlar, seier ho, og held fram:

– Det handlar ikkje berre om tryggleik langs vegane, og om at samferdsle er svært konkurransevridande for næringslivet. Før Folgefonntunnelen stod ferdig, var vi heilt handikappa i Mauranger-området dersom det oppstod sjukdom. Vi var innestengde.

– Forståing for kvarandre

– Vi har valt å bu der vi bur. Verdiskapinga er stor i utkantane i Norge. Eg får ofte høyra at eg har valt å bu her sjølv. Byfolk, og spesielt bergensarar, klagar ofte på at det er dyrt med bompengar og avgifter for å køyra bil i sentrale strøk. Då seier eg berre at dei har valt å bu der sjølv, gliser Sp-politikaren.

– Eg prøver å seia at vi må ha forståing for kvarandre. Uansett kor ein bur. Kvinnherad treng for eksempel tettare tilknyting til E39, seier Bondhus.

61-åringen sat i to år – fram til i fjor – som styreleiar i Sunnhordlandssambandet AS, pådrivargruppa for ferjefri veg mellom Sunnhordland og Bergen, med sørleg kryssing over Langenuen på Tysnes.

– Statens vegvesen rår til det midtre alternativet, med bru over fjorden frå Raunholm på Fitjar til Nese på Tysnes. Fylket seier det same som oss i Sunnhordlandssambandet, at sørleg kryssing vil vera det beste alternativet. Begge alterntiva skal utgreiiast, og då vil vi sjå. Det er mange delte meiningar, seier ho.

– Det er viktig å knyta Kvinnherad tettare opp mot resten av Sunnhordlandsregionen. Og vi må vera rause med kvarandre, trass ulike meiningar. Vegane må bli best mogleg for flest mogleg. For vi har ikkje midlar til alt. Derfor må vi bruka fornufta, oppmodar Bondhus.

– Vanvittig kreative kommunar

Entusiastisk snakkar ho om korleis samferdsle legg til rette for verdiskaping ute i distrikts-Norge.

– Det handlar om folk. Det er mennesket som er krafta. Alt heng saman med alt. Frå liten teknologi til storindustrien. Skal Kvinnherad halda tritt med utviklinga, må vi knyta oss sjølv opp mot andre områder.

– Det er viktig å ha høve til å bu her og arbeida andre stader. Derfor irriterer eg meg over den nye kystsoneplanen. Ein må få utvikla areal, viss ikkje stagnerer utviklinga. Det er dei folkevalde sitt ansvar å legga til rette og sikra at ungdomen kan venda heim att etter skulegang.

– Har Kvinnherad kommune vore for dårleg på samferdsle om ein ser på utviklinga?

– Eg skal ikkje skulda på nokon. Saka er at vi er for dårlege til å samarbeida og snakka saman. Som fylkespolitikar opplever eg at enkelt kommunar med godt samhald, er vanvittig kreative og gode på dialog med fylkeskommunen. Dette brukar dei som pressmiddel. Dei står saman. Eg vil også gi skryt til noverande ordførar. Både ordføraren og varaordføraren er gode på dialog og initiativ overfor fylkeskommunen.

Ser vi bakover i tid, trur ikkje 61-åringen Kvinnherad har vore god nok på å driva fram prosjekta sine overfor fylket og styresmakter i hovudstaden.

– På ein måte har eg forståing for at det er slik det er. Det er mange behov, vi er geografisk store og har fire ferjesamband. Vi må likevel bli flinkare til å sjå heilskapen og jobba saman. Kor kan vi henta midlar? Kven kan få midlar først for å få i gang eit prosjekt, og kven skal få midlar i neste omgang? Kvinnheradpakken er ei god løysing. Alle må vera med å gi for å få. Og så må vi klara å synleggjera dette på best måten hos fylkeskommunen.

– Det er nesten tragisk at vi må ein «Kvinnheradpakke» for å få gjort noko med ein liten del som Kroka-parsellen. Det er ein offentleg veg. Heldigvis har kommunen vore kreativ og fått det til på eit vis, seier Bondhus.

Eitt spørsmål

Kvinnheradpakken har igjen gitt dei rundt 100 innbyggjarane i Sundal håp om at noko skal skje der rasfaren er høgast.

– Denne parsellen er eitt av dei utsette områda som rassikringsgruppa har merka med raudt. Det er ein fare som innbyggjarane her inne må leva med kvar dag. Men det er som om vi har lært oss til å leva med den.

– Dette er ein veg som knyter oss til E134. Ein veg næringslivet og kommunane er avhengige av. Det er òg mange turistar som brukar den. Dei synest nok det er vilt og vakkert. Men som eg nemnde: Det er eit overordna ansvar å sikra tryggleiken til dei som ferdast her. Det er ikkje noko hyggjeleg når skulebussen går kvar morgon. Det er Guds lukke at det ikkje har skjedd noko enno, seier Bondhus.

 

I Kvinnheringen sommaren 1989 kunne ein lesa om skuleelevane Elin, Kjetil og Lars Olav Bondhus (dei to førstnemnde barna til Benthe), avbilda ved Furebergfossen. Saka var den same den gongen: Barn og vaksne var oppgitte og pressa på for at det skulle bli tryggare å ferdast på strekninga.

– Men eg ønsker å stilla eitt spørsmål: Kvifor tek ein brua ved Furebergfossen før Kroka-parsellen? Vegen kan ein stenga når fossen er for stor. Ved Kroka veit ein aldri kva som kan skje, undrar Bondhus.