Treng hjelp av innbyggarane til ny kommunedelplan

FØREDRAG: Forskar Einar Vetvik heldt føredrag for gjestene i festsalen. Blant anna snakka han om korleis eldrebølgja er ein realitet ein er nøydd til å ta på alvor.

FØREDRAG: Forskar Einar Vetvik heldt føredrag for gjestene i festsalen. Blant anna snakka han om korleis eldrebølgja er ein realitet ein er nøydd til å ta på alvor. Foto:

På onsdag var Festsalen i Kulturhuset Husnes okkupert av folk som skal vera med på å skapa ein heilt ny kommunedelplan for sektor helse, omsorg og sosial.

DEL

– Men det er meir enn ein plan for berre sektoren. Det er sjølve temaa helse, omsorg og sosial. Noko som rører alle innbyggjarane i Kvinnherad, uansett alder, seier leiar for nemnt sektor, Bjørg Wangensten.

Kvinnherad kommune skal for første gong i gang med ein kommunedelplan for sektoren. Onsdag hadde kommunen booka festsalen i Kulturhuset for å halda ein dialogkonferanse. På stolane sat politikarar, delar av administrasjonen i kommunen, einingsleiarar og representantar frå forskjellige råd, for å nemna nokre.

– Første del av møtet er å skaffa eit felles kunnskapsgrunnlag, sa Wangensten.

Til å mata dei inviterte med kunnskap hadde kommunen invitert Einar Vetvik, som har ei brei erfaring som forskar på ei rekkje område knytt til samfunnsforsking, med hovudområde på helse- og sosialpolitikk. Etter føredrag, og spørsmål frå forsamlinga til Vetvik, skulle dei over på eit arbeidsseminar.

– Medverknad er veldig sentralt i denne prosessen. I dag har dei som er her sjansen til å komma med innspel, og på slutten av dagen skal vi sitja med 30 forslag til tema vi tar med oss vidare i prosessen, forklarte Wangensten.

VIL HA INNSPEL: Sektorleiar for helse, omsorg og sosial, Bjørg Wangensten, ønskjer at innbyggarane i Kvinnherad kjem med innspel under høyringane om kommunedelplanen.

VIL HA INNSPEL: Sektorleiar for helse, omsorg og sosial, Bjørg Wangensten, ønskjer at innbyggarane i Kvinnherad kjem med innspel under høyringane om kommunedelplanen. Foto:

Grunnen for at kommunen lagar denne kommunedelplanen er blant anna for å utvikla kommunen, og laga mål og planar for framtida. Samstundes skal den brukast som eit styringsverktøy for administrasjonen og politikarane. Om alt går etter planen skal den vera ferdig innan denne kommunestyreperioden.

– Men det er omfattande og krevjande arbeid, og vi ønskjer veldig sterkt eit engasjement frå innbyggjarane i kommunen. Denne planen vil jo røra dei, oppmoda Wangensten.

Artikkeltags