Vil ha krisemøte om drosjenæringa i kommunen

Artikkelen er over 3 år gammel

Kvinnherad Taxi er redde dei må permittera sjåførar og parkera bilar. No vil dei ha krisemøte med kommunen.

DEL

Les også:

Får SMS om at drosje er bestilt, men det er langt frå sanninga
Sterkt frustrert drosjenæring
Helse Fonna har skrive under avtale om pasientkøyring i Kvinnherad

– Grunnlaget for drosjeverksemd i Kvinnherad kommune er ikkje lenger til stades slik me ser det.

Det skriv Arne Bjørnevik i Kvinnherad Taxi AS i eit brev til kommunen. Køyreoppdraga for drosjenæringa har blitt kraftig redusert etter at dei mista kontrakten om pasientkøyring for Helse Fonna. No vil han få til eit krisemøte med kommunen, for å diskutera framtida til drosjenæringa i Kvinnherad.

Kvinnheringen har i det siste skrive mykje om drosjenæringa i kommunen, og problema både pasientar og næringa har møtt i høve trøbbel med pasientkøyring. No har nye kontraktar kome på plass. Det er BSG transporting som skal køyra dei fleste pasientane som har rett til tilrettelagd transport.

Urettmessige skilnadar?

Bjørnevik skriv i brevet til kommunen at han synest det er merkeleg at Helse Fonna har tildelt pasientkøyringa til eit selskap som ikkje har stor nok kapasitet til å køyra alle som skal til og frå behandling. Her viser han til den nye ordninga om at pasientar som vert skyssa innan eige postnummer ikkje får reisa dekka på førehand, og at det ikkje er avtale om pasientkøyring på Varaldsøy.

– Dette kan berre ikkje aksepterast av kommuneleiinga, og me krev at det her blir ordna opp i dei urettmessige skilnadane som kjem av kvar i kommunen ein bur, skriv han til kommunen.

Bekymra for sommaren

Bjørnevik trekkjer fram at det tidlegare hare vore taxien som har teke hand om køyring for det offentlege, slik at dei også kunne vera tilgjengelege for privatpersonar heile døgeret. Han er bekymra for korleis det vert i sommar, med mange festivalar og liknande.

– Har me ingen jobb på dagtid, får me heller ingen til å køyra om natta, skriv han.

– Uansett kva butikk ein prøver å driva, må ein ha eit visst kundegrunnlag for å få hjula til å gå rundt. Slik situasjonen er no, vil me koma til å permittera sjåførar og parkera fleire bilar fram til haldninga til bransjen vert ein annan frå kommunale og offentlege føretak.

BSG transporting ønsker ikkje å kommentera kritikken retta mot dei.

Vil ha ei god ordning

Ordførar Peder Sjo Slettebø vil ikkje seia noko konkret om kva kommunen vil gjera med saka. Anbodskonkurransen om pasientkøy-ring var i regi av Helse Fonna, og ikkje noko kommunen kan gjera noko med.

– Men vi er opptekne av å ha ei god ordning for pasientkøyringa, noko vi understreka i eit møte med Helse Fonna. Kvinnherad Taxi fekk tilbod om å vera andre prioritet, noko dei takka nei til. Dette er ei utfordring, men det må stå for deira rekning, seier Slettebø.

Ordføraren kjenner ikkje til om andre kommunar har same ordning som Kvinnherad, med ulike reglar for pasientkøyring etter kor i kommunen ein bur.

– Eg skal ta kontakt med Helse Fonna for å finna ut kva som ligg bak denne ordninga, seier ordføraren.

– Lågast mogleg

– Bjørnevik er ikkje nøgd med haldninga kommunale og offentlege føretak har i høve drosjebransjen. Har du ein kommentar frå kommunen si side?

– Den generelle vurderinga er at kostnadane må vera lågast mogleg. Dette er fordi utgiftene ein stad påverkar utgiftene andre stader. Høge transportutgifter vil gå utover tenestetilbodet elles. Det er ein krevjande situasjon for drosjenæringa. Den har lenge vore veldig regulert, og det vert no endringar i korleis den fungerer. Då er det viktig at næringa er konkurransedyktig på pris.

Slettebø seier dei vil prøva å unngå at Kvinnherad Taxi må seia opp drosjeløyvene sine, då dei står for eit viktig tilbod.

– Vi er ein langstrakt kommune der det er behov for transporttilbod for å koma seg rundt. Vi vil ta imot Kvinnherad Taxi på eit møte for å høyra kva dei har å seia, avsluttar ordføraren.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags