Festidalen fekk løyve med fri aldersgrense

(Arkivfoto: Lars Martin Teigen).

(Arkivfoto: Lars Martin Teigen).

Festidalen har fått skjenkeløyve til sommarens festival, på same viset som tidlegare år med fri aldersgrense.

DEL

Ordførar Peder Sjo Slettebø seier konklusjonen til administrasjonen er som før. Tildelinga av løyve har nokre gonger tidlegare vore politisk handsama med same konklusjonen. Kommunen har no delegert tildeling av slike løyver til administrasjonen, for å spara byråkrati og prosessar.

– Eg lever veldig godt med eit slikt vedtak, og ser ikkje at det var behov for politisk handsaning denne gongen heller, seier ordførar Peder Sjo Slettebø.

Ordføraren var saman med representantar frå Festidalen måndag i møte med ordføraren på Tysnes og representantar frå Tysnesfest. Dette for å dela erfaringar og utveksla idear.

Les også: For oss er barna sine behov viktigast

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags