Den rundt 11 minutt lange filmen har fått namnet «Under krysseld», og føremålet med filmen er å gi innbyggjarane i Kvinnherad betre innsikt i kvifor så mange flyktar frå Syria, og kven desse menneska er. Elisabeth Croles er prosjektleiar for filmen, Rumisa Karimova har vore regissør, Adam Weiman har vore kameramann, og Karl Petter Vårdal har montert filmen.
– Vi har gjort research før vi laga filmen, både på internett, men også med syrarar for å høyra deira opplevingar, fortel Karimova.
– Vi håpar å visa at flyktningane frå Syria som kjem til Norge, er vanlege menneske som hadde vanlege liv i heimlandet sitt, men som no er tvungne på flukt. Vi vil prøva å få vekk typiske stereotypiar, legg Waiman til.
– Mange tenkjer kanskje: Kvifor blir det ikkje i landet sitt for å byggja det opp? Men det er ikkje mogleg når bombene haglar rundt deg, ein kan berre byggja opp eit land i fredstid, og det er ikkje sitiasjonen i Syria no, seier Croles.
Filmen er ein lågbudsjettfilm, men gjennom Croles sitt prosjekt «Bli her», har ein søkt og fått midlar gjennom Integreringsdirektoratet fordi filmen i hovudsak er eit informasjonstiltak. Birte Hjelmeland Bruvik, lærar på Vaksenopplæringa, har forteljarstemma i filmen.
Utdanningsføremål
I utgangspunktet ønskte film-ekteparet å laga ein film om arbeidsinn-vandrarane i Kvinnherad, men det viste seg å ikkje vera så stor interesse for det. Ideen til filmen om Syria-flyktningar kom derfor då Abdulhai Kordo og familien starta innsamlingsaksjon av klede og utstyr, og det skapte eit stort engasjement. Temaet blir også meir og meir relevant i Kvinnherad, som truleg får asylmottak og skal ta imot fleire flyktningar i tida som kjem. Elisabeth Croles understrekar at filmen er ei enkel framstilling av Syria-konflikten, og at filmen er laga som ei kort innføring som skal vera mest mogleg forståeleg for folk flest. Derfor kunne ein ikkje ha med alle detaljar.
Frå før har ekteparet Rumisa og Adam laga filmen «Kampen for livet», som handla om korleis det kjennest å koma til Kvinnherad som flyktning. Filmen blei vist på Kvinnherad kulturfestival i fjor, og er seinare brukt i ulike samanhengar, blant anna på ei kvinnesamling i Dimmelsvik i regi av Omvikdalen bygdekvinnelag og Åkra bygdelag, den er vist på Senioruniversitetet i Kvinnherad og for lærarar og FAU ved Undarheim skule. Den er også brukt i undervisning på Vaksenopplæringa. Håpet er at også denne siste filmen kan brukast til utdannings- og informasjonsføremål. Men enn så lenge er det berre dei som går på premieren på laurdag føremiddag i Kulturhuset som får sjå filmen:
– Filmane er førebels ikkje tilgjengelege på nettet, på grunn av tryggleiken til dei som er intervjua, seier Croles.