Rosendal songlag, Jazzverket og Rosendal barnekor inviterer til konsert

FELLESPROSJEKT: Her frå ei fellesøving for to år sidan, sist Rosendal Songlag og Jazzverket samarbeidde. (Arkivfoto).

FELLESPROSJEKT: Her frå ei fellesøving for to år sidan, sist Rosendal Songlag og Jazzverket samarbeidde. (Arkivfoto).

Av
DEL

Laurdag 30. november vert det konsert i Kvinnherad kyrkje. Rosendal songlag, Jazzverket og Rosendal barnekor representerer til vanleg tre svært så forskjellige musikktradisjonar, men denne kvelden er desse kreftene samla for å gi tilhøyrarane ei samla musikkoppleving.

– Vi hadde samarbeid med Jazzverket for to år sidan også, og det gav meirsmak for begge. Spennande vert det også å sjå kva vi får ut av samarbeidet med Rosendal barnekor, uttalar Kjartan Bjorøy i Rosendal songlag i ei pressemelding frå koret.

I år vil det vera både barokk hymne frå 1600-talet, klassikar frå Duke Ellington, ein melodi av Sting og sjølvsagt mykje meir.

Dirigenten Eva Megyesi, som vi alle veit også er ein utmerka organist, vil framføra eit heilt nykomponert orgelstykke av Pavel Cabala som er kantor i Odda.

Arrangementet vert ei fin avslutning på programmet for Jul i Rosendal denne dagen, lovar songlaget.

Rosendal barnekor. (Privat foto).

Rosendal barnekor. (Privat foto).


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags