Mange ville høyra på Marco

Kinosalen var full torsdag kveld. (Mobilfot: Vibeke Skåle).

Kinosalen var full torsdag kveld. (Mobilfot: Vibeke Skåle).

Artikkelen er over 3 år gammel

Marco Elsafadi heldt føredrag i kinosalen på Husnes torsdag ettermiddag. Rundt 250 kom for å høyra på han.

DEL

Føredraget var ein del av Kvinnherad Næringsservice og Sparebank 1 SR-bank sin «kick off» for næringslivet i Kvinnherad. Dei 35 bedriftene som var påmeldt starta med mingling og quiz i lokala til Kvinnherad Næringsservice, og avslutta kvelden med festmiddag på Gry Helges. Sparebank 1 SR-bank hadde også invitert Marco Elsafadi til å halda føredrag, ope for alle som ville høyra på. Elsafadi var tidlegare landslagsspelar i basketball, og har stifta organisasjonen «New Page» som blant anna jobba med vanskelegstilt ungdom, rusproblematikk, skuleskulk, fritidsproblem og vald. Elsafadi snakka om korleis ein kan oppnå arbeidsglede og trivsel også i situasjonar der bedrifter er i stor endring.

– Du kan ha aldri så kjekke arbeidsoppgåver på jobb, men om ikkje det er eit godt kollegie, så vert ein ikkje i jobben lenge. Det er viktig å vera positiv og raus med andre rundt seg, sa Elsafadi.

– Dagen var ein suksess. 35 bedrifter var påmeldt til kick off, og det er kjekt og viktig at næringslivet kan møtast, bygga relasjonar og bli kjend i ein elles så travel kvardag. 250 kom på føredraget med Elsafadi, og eg trur mange fekk noko å tenkja på etterpå. Folk verka veldig nøgde med innspela og tankane han kom med, fortel Emma Kristin Ringheim-Reigstad i Kvinnherad Næringsservice.

Artikkeltags