350.000 til Kvinnherad Næringsservice

I Kvinnherad Næringsservice er det stor glede over den rause gåva frå stiftinga. F.v.: Svein Arne Eidsveik (styreleiar i Sparebank 1-stiftinga, Ellinor Rein (styremedlem i Kvh. Næringsservice), Kristine Røyrvik (prosjektkoordinator) og Synnøve Handeland (styreleiar i Kvh. Næringsservice).

I Kvinnherad Næringsservice er det stor glede over den rause gåva frå stiftinga. F.v.: Svein Arne Eidsveik (styreleiar i Sparebank 1-stiftinga, Ellinor Rein (styremedlem i Kvh. Næringsservice), Kristine Røyrvik (prosjektkoordinator) og Synnøve Handeland (styreleiar i Kvh. Næringsservice). Foto:

Sparebank 1-stiftinga slår til på eige initiativ igjen.

DEL

Stiftinga kom med ei stor overrasking til Kvinnherad Næringsservice under årsmøtet til sistnemnde tysdag. Svein Arne Eidsvik hadde gleda av å overrekka ikkje mindre enn to gåvebrev til næringsorganisasjonen, 200.000 kroner til nyskapinga Kvinnheradkonferansen og 150.000 kroner til Kvinnherad studiesenter.

– Vi har brukt høvet vi har til å involvera oss i lokalt næringsliv, og dette er to viktige satsingsområde vi gjerne vil støtta, sa styreleiar Eidsvik i stiftinga.

– To fantastiske tilskot vi er veldig takknemlege for, takka prosjektkoordinator Kristine Røyrvik.

– Pengane gjer det mogleg for oss å gjennomføra to viktige prosjekt. Dette er nesten ikkje til å tru, sa styreleiaren i Kvinnherad Næringsservice, Synnøve Handeland.


Kvinnheradkonferansen i mai

Styremedlem Ellinor Rein fortel at Kvinnheradkonferansen er noko heilt nytt som går av stabelen på Husnes 23. mai. Temaa på denne første konferansen er nettverksbygging og samhald. Det vil vera foredrag knytte til nettverksbygging, kulturforståing og omdømmebygging. Om kvelden ventar festmiddag for deltakarane.

– I tillegg kjem det ei overrasking som vi ikkje kan røpa no, fortalte Rein løyndomsfullt.

Invitasjonar går ut til bedrifter i heile kommunen, og privatpersonar er også velkomne. Planen er at konferansen skal bli eit årleg arrangement med nye tema kvar gong.


Kvinnherad studiesenter

Næringsservice sitt studiesenter har halde på ei stund. Her kan ein ta fag og kurs i ulike retningar.

– Til no har vi klart å finansiera dette tilbodet, men framover hadde det sett vanskeleg ut utan desse uventa pengane frå Sparebank 1-stiftinga. Derfor er vi ekstra glade for gåva og håpar at mange melder seg på til både kurs og studium. Studiesenteret er blitt ein god plass for kompetansebygging, hevda Røyrvik.



Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags