Vil skapa konkurransefortrinn for Kvinnherad-bedrifter

Avgjerda om at Kvinnheradkonferansen skal handla om nettverksbygging og samhald er tatt på bakgrunn av ønske frå medlemsbedriftene i KNS, fortel prosjektkoordinator Kristine Røyrvik.

Avgjerda om at Kvinnheradkonferansen skal handla om nettverksbygging og samhald er tatt på bakgrunn av ønske frå medlemsbedriftene i KNS, fortel prosjektkoordinator Kristine Røyrvik. Foto:

Nettverksbygging og samhald står på agendaen når den aller første Kvinnheradkonferansen blir arrangert i mai.

DEL

– Det er viktig med ein slik dag fordi kvar og ein i si verksemd er travel med sine kvardagar, men gjennom eit breitt og godt nettverk kan ein skapa gode samarbeid og konkurransefortrinn ved at bedriftene i Kvinnherad er samla i regionen.

Dette seier prosjektkoordinator ved Kvinnherad Næringsservice (KNS), Kristine Røyrvik og styremedlem i KNS, Ellinor Rein, om arrangementet som finn stad 23. mai.

Prosjektkoordinator ved Kvinnherad næringsservice, Kristine Røyrvik (t.h), og styremedlem i KNS, Ellinor Rein, fortel at det kjem ei overrasking til dei som deltar på Kvinnheradkonferansen i mai.

Prosjektkoordinator ved Kvinnherad næringsservice, Kristine Røyrvik (t.h), og styremedlem i KNS, Ellinor Rein, fortel at det kjem ei overrasking til dei som deltar på Kvinnheradkonferansen i mai. Foto:

Kvinnheradkonferansen er den første av sitt slag, og skal vera ein dag med fagleg påfyll for næringslivet i kommunen.

– I samarbeid med medlemsbedriftene har det vore ønskeleg å setja større fokus på nettverksbygging, derfor fall temaet i år naturleg, seier Røyrvik.

Til å halda føredrag har KNS leigd inn Pellegrino Riccardi og Edgar Valdmanis. I pressemeldinga blir Riccardi skildra som ein av dei fremste ekspertane på kultur og kommunikasjon i Norge. Om Valdmanis står det at han har 30 år erfaring innan kommunikasjon, marknadsføring og sal, og vil under konferansen gi konkrete tips om korleis ein bygger, aukar og utviklar nettverk. Arrangementet skal gå føre seg i Kulturhuset Husnes.

– I tillegg til føredraga blir det pausar med fingermat og mingling, før vi avsluttar kvelden med tre-rettars middag, seier Rein, som òg fortel at det blir ei overrasking på deltakarane.

For store og små

Målet med Kvinnheradkonferansen er at det skal bli eit årleg arrangement for det lokale næringslivet, fortel Røyrvik. Ho understrekar også at dette arrangementet er for både små og store bedrifter, anten i privat eller offentleg sektor.

– Temaet i år passar spesielt godt for alle. Det handlar om korleis ein skal gjera kvarandre gode, og dra nytte av kvarandre sine nettverk. Dette er ein dag for alle som er interessert i næringsliv og næringsutvikling, sluttar damene.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags