Store endringar i Kvinnherad Næringsservice

SUNT MED ENDRING: – Føremona er at nokon kan ta med seg sine erfaringar og sjå det heile i eit nytt lys. Det trur eg er bra for KNS, seier næringssjef Silvia Tofte om dei komande endringane i organisasjonen.

SUNT MED ENDRING: – Føremona er at nokon kan ta med seg sine erfaringar og sjå det heile i eit nytt lys. Det trur eg er bra for KNS, seier næringssjef Silvia Tofte om dei komande endringane i organisasjonen.

Artikkelen er over 2 år gammel

Silvia Tofte gir seg som næringssjef i Kvinnherad Næringsservice (KNS), og prosjektkoordinatoren gjekk over i familiebedrifta før sommaren. – KNS må få på plass ein framtidig strategi, det vert eit spennande år, seier Tofte.

DEL

– Eg trur det er sunt med endringar. Etter å ha vore i KNS i nesten ni år kjende eg på at det kunne vore kjekt å prøva noko anna. For min del måtte det ikkje skje akkurat no, men då eg fekk eit spennande jobbtilbod følte eg at det var riktig tidspunkt, fortel Silvia Tofte.

1. september tek ho til i ny jobb som regionsleiar i Tveit Regnskap. Tveit regnskap er ei bedrift som driv med blant anna rekneskaps-, taksering og rådgjevingstenestar. Tveit har hovudkontor i Skjold, og til saman 16 avdelingskontor mellom Stavanger og Bergen. I Kvinnherad har dei avdelingskontor både i Rosendal og på Husnes.

– Eg føler eg har fått eit innblikk i kva Tveit står for, og kva satsingar dei ønsker å gjera. Det trur eg vert spennande å vera med på.

Men Tofte kjem ikkje til å mista kontakten med det lokale næringslivet:

– Også Tveit jobbar tett med både gründerar og etablerte bedrifter gjennom tenestane dei leverer, så eg kjem til å fortsetta å ha god kontakt med lokalt næringsliv framover også, seier Tofte, som gler seg til å få eit større og kompetansetungt team å jobba i.

Skal tilsetta ny prosjektkoordinator

I KNS er dei no på leit etter ny prosjektkoordinator etter at Emma Reigstad gav seg før sommaren. Tofte går i førstninga ut i eitt års permisjon, men det vil ikkje bli tilsett ny næringssjef med det første.

– KNS har eigentleg berre økonomi til éi stilling, men fordi eg og Emma har jobba for å få tak i ekstern finansiering, og blant anna har jobba tett med kommunen på fleire prosjekt, har vi kunna vore to.

Tofte fortel at dei har fått inn mange søknadar til den ledige stillinga.

– Det er fantastisk kjekt å sjå kor mange som vil jobba i KNS, at det er blitt ein stad folk har lyst til å vera. Etter å ha kikka på nokre av CV-ane som har kome inn kan eg seia allereie no at eg skulle ønska eg kunne tilsetta meir enn ein person, seier Tofte.

Skal vurdera den framtidige rolla til KNS

Det komande året vert spennande for KNS, då dei må få på plass ein ny strategi for korleis organisasjonen skal fungera i framtida.

– Næringslivet skal ha ei strategisamling og er i dialog med kommunen om kva rolle KNS skal ha framover, forklarar næringssjefen.

Når både Tofte og Reigstad sluttar same året, vil den som tek over som prosjektkoordinator få høve til å i stor grad å utvikla organisasjonen vidare slik han eller ho ønsker, med utgangspunkt i behova til næringslivet.

– Føremona er at nokon kan ta med seg sine erfaringar og sjå det heile i eit nytt lys. Det trur eg er bra for KNS, meiner Tofte.

Vemodig

Sjølv om næringssjefen gler seg veldig til å begynna i ny jobb hos Tveit Regnskap, synest ho også det er litt vemodig å gi seg i KNS.

– Når ein har kjempa for ein arbeidsplass i mange år, og har vore så heldig at ein har fått jobba med noko ein har elska, så legg ein igjen mykje av seg sjølv i det. Eg føler jo at KNS er litt min, seier ho, og fortset:

– Eg har vore privilegert som har fått jobba med næringslivet i kommunen som heilskap. Det er ingen tvil om at vi treng fleire og større

bedrifter, i tillegg til gründerar som tør å satsa slik at me får endå fleire arbeidsplassar i kommunen. Eg skulle helst ha slutta når alt var perfekt, men ein vert aldri ferdig i ein slik jobb.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken