Ifølgje tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) er Kvinnherad den kommunen i landet der det vart felt flest hjort, heile 1.197 dyr denne sesongen. I heile landet vart det felt totalt 43.800 hjort, og fellingsprosenten for hjort var 70 prosent. Vestlandet var kjerneområdet for hjortejakt.