Baste til Senioruniversitetet

FØRELES: Ivar Baste kjem til Kvinnherad Senioruniversitet med føredrag om endringane i naturmangfaldet.  (Arkivfoto).

FØRELES: Ivar Baste kjem til Kvinnherad Senioruniversitet med føredrag om endringane i naturmangfaldet. (Arkivfoto).

Ivar Baste og føredraget «Naturumangfald» er Kvinnherad Senioruniversitet sitt fyrste føredrag denne hausten.

DEL

Baste sitt føredrag har undertittel «Ei alvorleg utvikling for naturen - kva betyr det og kva kan vi gjera». I pressemeldinga heiter det at tapet av naturmangfald er akselererande og utan sidestykke i historia til menneske. Éin million av dei åtte millionane plante- og dyreartane på kloden kan bli utrydda.

Naturmangfaldet er livsgrunnlaget til menneska og tapet av mangfald påverkar folk på heile kloden. Baste vil i føredraget også sjå på om vi kan lukkast med tiltak for å nå den framtida vi ynskjer.

Vi kjenner Ivar Baste som tidlegare dagleg leiar i Stiftinga Folgefonnsenteret. Han er utdanna biolog og har mellom anna 30 års erfaring frå nasjonal og internasjol forvalting. Vi såg Baste på tv-skjermen 6. mai då han presenterte FN Naturpanel sin rapport i Dagsrevyen på NRK.

Føredraget til Kvinnherad Senioruniversitet går føre seg i Rosendal samfunnshus 12. september, og er ope for alle som har høve til å delta på arrangement midt på dagen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags