Kjell Wernøe til senioruniversitetet: Har arbeidd med artistformidling i 40 år

(Pressefoto).

(Pressefoto).

Av
DEL


No startar Kvinnherad Senioruniversitet opp med møta sine i 2019. Fyrst ut er Kjell Wernøe, som har drive med artistformidling i snart 40 år og som framleis held på i ein alder av 80 år.

Førstkommande torsdag, 10. januar, får ein treffa Wernøe og høyra om arbeidet som fylgjesvein for fleire kjende norske artistar i inn- og utland, skriv senioruniversitetet i ei pressemelding.

Kjell Wernøe er ein av seniorane blant internasjonale artist-managerar. Førelesinga hans har tittelen «Ut i verden som følgesvenn for unge norske musikere». Han tek oss med både på og bak konsertpodia. Historiane er krydra med muntre episodar og forunderlege møte frå ei verksemd ukjend for dei fleste.

Sidan 1986 har han vore manager og fylgjesvein for fleire av dei fremste musikarane i Noreg, med pianistan Leif Ove Andsnes i spissen, og lansert dei i ein internasjonal marknad. I 1986 var dette starten på ei internasjonalisering av norske musikarar og norsk musikkliv. Wernøe har utført eit pionerarbeid i Norge på dette feltet. Inntil nyleg var denne verksemda eit ikkje-dokumentert kapittel i norsk kulturhistorie. Nasjonalbiblioteket sikra seg difor Wernøe sitt omfattande historiske arkiv. Arbeidet med arkivet førte også til ei bok; «Følgesvennen – Bilder fra en utvikling», der Kjell Wernøe fortel utførleg om møte og samarbeid med menneske og verksemder gjennom ein epoke prega av store kulturelle, sosiale og politiske endringar. Men også om tydinga av å ha gode fylgjesveinar gjennom livet. Boka har på kort tid fått ein brei lesarskare og svært positiv omtale.

Kjell Wernøe er fødd i Bergen, og han vaks opp i Bergen og Oslo. Etter fullførte ingeniørstudiar i Gøteborg var han frå 1960 driftsingeniør, og seinare disponent i fotobedrifta i familien AS Wernøe & Gulbrandsen i Bergen. I ei årrekkje var han aktiv i norske musikkorganisasjonar, og frå 1979 til 1986 president i Norske Symfoniorkestres Landsforbund NASOL kor han blei utnemnt til æresmedlem i 1998. I tillegg til arbeidet sitt som manager er han delaktig i eit kulturutviklingsarbeid på landsbygda i Kenya. For kulturarbeidet sitt nasjonalt og internasjonalt, fekk Kjell Wernøe i november 2011 HM Kongens Fortenstemedalje.

Wernøe legg òg inn ein liten musikalsk «kviss» under føredraget. Ein heldig deltakar vinn eit eksemplar av boka han har skrive. Etter føredraget vert det som vanleg servert kaffi og noko å bita i. Og vi må ikkje gløyma det sosiale samværet og den gode drøsen etterpå! Møta i Senioruniversitetet er opne for alle interesserte som har høve til å delta på arrangement midt på dagen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags