Kvinnherad Sogelag arbeider i hovudsak med å dokumentera den lokale historia. Det siste året har laget gjeve ut den tjuande utgåva av Kvinnhersminne med artiklar frå ulike bygder i kommunen, og «Det illegale Sunnhordland» som handlar om motstandsrørsla i vårt område i krigsåra 1940 til 1945.

Med raus stønad frå Sparebank 1-stiftinga let det seg gjera å finansiera dette prosjektet. Kvinnhersminne kjem ut annakvart år, og blir gjeve gratis til dei som er medlemer i laget. Ein legg vekt på å samla stoff som bidreg til å spegla historier i heile kommunen. Til dette arbeidet er ein avhengig av at medlemene engasjerer seg og bidreg med saker, eller engasjerer andre til å skriva.

Laget har også teke initiativ til å korrigera feil navn og feil plasserte namn på dei offentlege karta. Ein kom godt i gang, og grupper frå mange bygdelag var engasjerte i dette arbeidet. Pandemien gjorde at aktiviteten stansa opp.

Laget får stadig spørsmål frå enkeltpersonar som treng hjelp til å finna slekt, eller artiklar om lokal historie. Me prøver så langt råd er å bidra til at dei får tak i det dei er ute etter.

Bygdebøkene har vore nyttige kjelder i dette arbeidet. No er dei enten utselde eller utdaterte. Sogelaget har teke initiativ overfor kommunen med sikte på ta opp att bygdebokarbeidet. Det er alt gjort eit betydeleg arbeid frå frivillige i dette arbeidet. Sogelaget prøver å vera eit lag for heile kommunen og styret består såleis av personar frå mange av bygdene våre. Vi varierer og årsmøtestadene frå år til år. Dette året er det Herøysund sin tur.

For Sogelaget

Lars Jostein Rørvik / Audun Eik

Laurdag 2. april held Kvinnherad Sogelag årsmøte i Grendahuset i Herøysund.

Les også

«Dagboksnotater fra Polen»