Gløym den klamme adventskalender-sjokoladefiguren som eigentleg ikkje smakar spesielt godt, og gjer deg klar for ein adventskalender av eit heilt anna kaliber. Kvinnherad Turlag har nemleg tenkt å invitera kvinnheringane med seg ut i naturen, kvar dag til og med 20. desember.

Gunnlaug Vågen Tjelmeland i Åkra er turleiar og kursleiar i turlaget, og kalenderen starta med at ho fekk ein idé om at det hadde vore kjekt å lokka innbyggarane med seg ut på koselege turar i løpet av den mørkaste månaden i året.

– Eg tok dette opp med Jarle Røstbø, som sa han faktisk hadde tenkt noko liknande, og då ville vi prøva å gå vidare med dette, seier Tjelmeland.

Bål, knask og gløgg

Dei tok kontakt med turleiarar i dei ulike bygdene i kommunen for å få dei til å ta ansvar for dei ulike turane, og fortel om svært god respons.

– Vi blei møtt med ei enormt positiv haldning til dette, så det er berre heilt fantastisk!

Tjelmeland har òg invitert med lokalavisene, i den forstand at desse vil formidla litt info i forkant av kvar tur, slik at det blir ein slags turkalender med ny «luke» kvar dag. Desse lukene kan ein òg finna på turlaget si eiga heimeside og Facebook-side.

– Så er det jo sånn at det er flest kvardagar også i desember, og dermed blir det ein del ettermiddagsturar. Derfor er det lurt å ha med seg ei hovudlykt i alle fall.

Håpet til turlaget er sjølvsagt å få mange med seg, og Tjelmeland trur det kan ligga an til mange hyggelege turar med bål, knask og gløgg.

– Dersom ein har høve, er det fint med ei påmelding til den einskilde turleiaren i forkant, slik at ein veit sånn omtrent kor mange ein skal handla inn til. Men ein kan hiva seg med spontant òg.

For kvar tur ein deltar på, sikrar ein seg samstundes eit «lodd». Julaftan trekker turlaget ut nokre som får seg premiar.

– Vi trur dette kan bli ein veldig kjekk kalender, der hygge, kos og folkehelse ligg bak kvar einaste luke, seier Tjelmeland.

Meir info om kvar tur vil ein få frå dag til dag, men lista over planlagde turar ser per no slik ut (her kan det koma endringar):

1. desember – Åkra, trehytta i Vikane. Turleiar: Gunnlaug V. Tjelmeland.

2. desember – Seimsfoss. Turleiar: Helge Furdal med fleire.

3. desember – Husnes, Vikefjell. Turleiar: Ann Kathrin Røssland

4. desember – Baugstranda. Turleiar: Anna Sigrun og Erik Johan Furdal.

5. desember – Sunde, Bjellandsneset. Turleiar: Jarle Røstbø.

6. desember – Omvikdalen. Turleiar: Tove Apeland, Solveig Sandvik med fleire.

7. desember – Rosendal, Kjeldestøl. Turleiar: Grete Solheim, Mona Enes.

8. desember – Sandvoll, Feto. Turleiar: Siv Framnes, Anne Kari Enes.

8. desember – Halsnøy, padletur. Turleiar: Sverre Bjørnevik.

9. desember – Løfallstrand/Rosendal, Sjethaug. Turleiar: Arnt Orholm.

10. desember – Husnes, Bremstølen. Turleiar: Mona Eikemo Røstbø.

11. desember – Matre, Dagsturhytta ved Nautavatnet. Turleiar: Helge Furdal.

12. desember – Sundal, Bondhusdalen. Turleiar: Magne Leikvoll med fleire.

13. desember – Uskedalen, Flåtane i Eikedalen. Turleiar: Kjell Yri, Steinar Kroka.

13. desember – Husnes, Kaldestadåsen. Turleiar: Tove Omdal og Gunn Heidi Eikemo

14. desember – Herøysundet, seniortur. Turleiar: Hermund Fenne.

15. desember – Ølve, seniortur. Turleiar: Rita Martens Meyer.

16. desember – Hatlestrand. Turleiar: Hans Bertin Hjortland.

17. desember – Valen. Turleiar: Ann Kathrin Røssland.

18. desember – Sandvoll. Turleiar: Gro Rusten Saghaug.

19. desember – Halsnøy, Toftåsen. Turleiar: Kjell Ivar Bjørgen.

19. desember – Valen, Valedalen eller Svartavatnet. Turleiar: Torill Storhaug.

20. desember: Utåker. Turleiar: Sigve Solheim med fleire.

20. desember: Husnes. Turleiar: Mari Teigen Varanes.

24. desember: Julaftan og premietrekning.