Gå til sidens hovedinnhold

Glade og våte barn på Kom-deg-ut-dagen

01. september 2019, kl. 19:26

Søndag arrangerte Barnas Turlag i Kvinnherad Turlag ein dag i naturen på Holmen ved Dimmelsvik for alle born! At det byrja å regna gjorde absolutt ikkje noko for meistringskjensla til dei som fekk prøva kajakk eller kano for fyrste gong. I tillegg kunne ein bryna seg på tippekonkurranse, slakk line eller SUP-brett. Og mykje mykje meir.