Fire støttemarsjar berre i Hordaland

Det er ikkje berre i Kvinnherad ein engasjerer seg mot vindkraft. Bergen og Hordaland Turlag melder om eit folkeopprør mot vindkraftplanane.

DEL

– Vi har fått nesten 13.000 signeringar på underskriftskampanjen mot vindkraftanlegg i verdifull natur, seier Helene Ødven, dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag, til eigen nettstad.

Søndag er det 22 støttemarsjer over heile landet, av desse er 4 i Hordaland. Dei går føre seg på Fløysletten i Bergen, Stordalen i Nordhordland, Morkavatnet på Fitjar og altså på Husnes.

Som Kvinnheringen tidlegare har skrive, fekk Kvinnherad Turlag titalls meldingar frå folk som gjerne vil delta, med som ikkje klarte ein lang tur. Turlaget endra derfor ruta for støttemarsjen søndag slik at flest mogeleg kan delta. Støttemarsjen startar ved paviljongen i Husnesparken søndag morgon.

Artikkeltags