Hektisk turhaust

UT PÅ TUR: Geitadalstind sett frå Ulvanosa. Foto: Elisabeth Røssland

UT PÅ TUR: Geitadalstind sett frå Ulvanosa. Foto: Elisabeth Røssland

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

I august er aktiviteten igjen i gang i Kvinnherad Turlag. Det er fleire fine turar å vere med på.

DEL

Seniorgruppa tek 3.august turen til den flotte Børsdalshytta i Børsdalen, restaurert for nokre år sidan av «Vardhaugselets venner». Hytta ligg på austsida av Børsdalsvatnet, om lag 420 m.o.h. Sidan turen startar inst i Tveitedalen, på om lag 200 m.o.h.., er det ikkje mange motbakkar. Om det er vått kan det likevel ta litt tid, sidan delar av stien går i ur/på berg. Børsdalen er ei frodig perle det er verdt å få med seg.

5.-7.august reiser ei gruppe til Nærøyfjorden for å padle kajakk. Å oppleve verdsarvområdet Nærøyfjorden frå kajakken er noko ein verkeleg bør få med seg. I løpet av dei tre dagane blir det besøk av fråflytta bygder som Styvi og Dyrdal. Besøk på Stigen i Aurlandsfjorden er også ei heilt spesiell oppleving.

Helga 5.-7.august er det også tid for festival i Uskedalen. I samarbeid med Festidalen arrangerer turlaget to turar denne helga, for festivaldeltakarar eller andre som vil vere med på tur. 6.august går turen til Geitadalstind, 1213 m.o.h. Turen startar i Uskedalen kor me kan sjå tinden ruve over oss. Geitadalstinden er ein alpin fjelltopp, og denne ruta kan verka litt utfordrande for dei som ikkje likar høgder. Siste del av oppstiginga er bratt og luftig, gjerne kalla Mini-Besseggen. Her går det ei alternativ rute til høgre som er meir skjerma. Frå toppen av Geitadalstind er det storslegen utsikt i alle retningar. Ein kan nyta landskapet frå isbre til ope hav. Nordover kan ein sjå bergensfjella, som t.d. Ulriken. Vågar ein seg ut på kanten, kan synet nesten ta pusten frå ein. Ei flott oppleving, om ein er på festival eller ikkje.

Søndag 7.august blir det tur til Skorpefjellet. Frå Uskedalen tek me båt over til Skorpo. Me går gjennom frodig natur, forbi «Tunet i det blå» til toppen av Skorpefjellet på 234 m.o.h. Frå toppen har ein flott utsikt over festivalbygda Uskedalen, og toppen er også kjend for å ha utsikt til heile sju kyrkjesokn.

14.august går turen frå Gjetingsdalen til Torsnes i Jondal. Turen startar frå Bakka i Gjetingsdalen. Vi går den merkte stien til Måvatnet. Derifrå forbi Lomatjørna, Goddalen, Kvanngrød og til Grønhaug 1.190 m.o.h. Vidare går turen forbi Solbjørgsvatna, Daurmålsdalen og ned til tunellinnslaget for Jondalstunellen.

17.august arrangerer seniorgruppa tur til den nye Blådalshytta ved Grøneviksvatnet nordom Blådalsvatnet, med utsikt rett mot Folgefonna. Den offisielle opninga av den nye hytta vert 28.august. Det er Interesselaget for Vardhaugselet og andre som har reist hytta. Ein tur inn her blir ei flott oppleving for å sjå det gode arbeidet som er gjort.

20.august blir det overnattingstur til Eikemostølen, med oppstart på Vetrhus laurdag morgon. Herfrå går turen inn til Tjønndalane, opp til Bjørnbærnuten og så ned til Eikemo-stølen (Vetrhus-stølen). Her blir det overnatting i lavvo, og me lagar felles middag (rømmegraut og spekemat). Søndag tek me turen ned til Eikemo og kikkar oss om der, før me startar på heimvegen via Skredalen.

29.august er det tid for seniorgruppas overnattingstur. I år går denne turen til Breheimen . Overnattingane blir på Nørdstedalsseter, betjent DNT-hytte kor ein kan gå til duk og dekka bord. Det er bilveg fram til hytta. Dagane blir brukt til felles dagsturar i Breheimen. Desse blir bestemt ut frå vêrtilhøva der og då.

Meir informasjon om turar og aktivitetar i turlaget finn ein til ei kvar tid på nettsida. Her er det også mogleg å melde seg på til tur.

For Kvinnherad Turlag

Mari Teigen Varanes

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags