Har du mål om å vera meir aktiv, bør du sjekka ut turlaget sitt program for 2018

Artikkelen er over 1 år gammel

I år feirar Kvinnherad Turlag 20 år.

DEL

Det årlege programmet «Ta turen» er no sendt ut til alle medlemmane, og andre kan finna det digitalt på turlaget si Facebook-side eller nettside. Leiar i turlaget, Kjell Yri, tipsar om ein tur som mange kvinnheringar truleg ikkje har fått med seg:

– 10. til 12. august arrangerer vi ein padletur i verdsarv-området Nerøyfjorden, med to overnattingar. Den eine overnattinga blir på Stigen, ein gard som ligg på ei fjellhylle, og som ein engelskmann har restaurert. Dette trur vi blir ein utruleg flott tur, og påmeldinga er allereie i gang, fortel Yri.

Skitur på Hardangervidda i mars og fotturar i august og september er også verdt å nemna, i tillegg til ein «kremtopptur» i Jotunheimen i august.

Turlaget har også eigne grupper med eigne aktivitetar og turar: Barnas Turlag, Ungdomsgruppe, Fjellsport-gruppe og Seniorgruppe.

I år fyller Kvinnherad Turlag 20 år. Det skal markerast med eigen fest 8. november, og den er under planlegging no.

– Vi skal i alle fall ha ein kanonbra føredragshaldar, seier Yri.

Leiar i Kvinnherad Turlag, Kjell Yri, viser fram det nye programmet for 2018.

Leiar i Kvinnherad Turlag, Kjell Yri, viser fram det nye programmet for 2018.

Artikkeltags