Gå til sidens hovedinnhold

Kvinnherad var den tredje våtaste plassen i landet i mars

Artikkelen er over 1 år gammel

Målestasjonen på Opstveit i Matre i Kvinnherad målte i mars månad nedbør på 346,9 mm., noko som var 143 prosent av normalen.

Stasjonen var ein av dei våtaste i Norge i mars månad, berre slått av Gullfjellet (Bergen, 475,8 mm.) og Øvstedal (Voss, 381,6 mm.).

Mars månad blei i år blant dei ti våtaste mars-månadane i ein serie som går tilbake til 1900, melder Meteorologisk institutt. Vidare melder dei at gjennomsnittstemperaturen for heile landet låg 1,2 grader over normalen i mars.


Kommentarer til denne saken