Reell arbeidstrening er nødvendig

GODT KJØP: Her får Kontrollkomiteen orientering om prosessen rundt, og fordelane med, at Kvinnherad Vekstbedrift kjøpte Uskedal Trelastlager. F.v. og rundt bordet: Svein Åge Vangdal, Ragnhild Bjerkvik, Synnøve Solbakken, Hans Inge Myrvold og Svein I. Opdal.

GODT KJØP: Her får Kontrollkomiteen orientering om prosessen rundt, og fordelane med, at Kvinnherad Vekstbedrift kjøpte Uskedal Trelastlager. F.v. og rundt bordet: Svein Åge Vangdal, Ragnhild Bjerkvik, Synnøve Solbakken, Hans Inge Myrvold og Svein I. Opdal.

Kommunedirektøren meiner at Kvinnherad Vekstbedrift sitt oppkjøp av Uskedal Trelastlager er positivt.

DEL

I samband med uroa som har oppstått i byggevarehandelen etter at Uskedal Trelastlager vart ein del av Kvinnherad Vekstbedrift, var saka oppe som orienteringssak i Kontrollutvalet måndag. Kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik stod for orienteringa, ettersom kommunen eig 90 prosent av Kvinnherad Vekstbedrift. Bjerkvik såg ei rad med positive sider ved oppkjøpet, særleg knytte til at vekstbedrifta hadde eit presserande behov for meir plass, og dessutan behov for reelle arbeidstreningsplassar for dei personane som er innom for kortare periodar.

– Målet er heile vegen at desse skal koma seg vidare til vanleg næringsliv, streka ho under.

Når det gjeld sjølve kjøpsprosessen, meinte ho den hadde gått føre seg på ein god måte.

– Formannskapet var òg involvert, då saka vart drøfta i eit lukka møte, fortalte ho.

Det kommunedirektøren ikkje er heilt fornøgd med er manglande eigarskapsmøte.

– Dette vil eg følgja opp, då det er viktig at kommunestyret er både orientert og involvert, lova ho.

Spørsmåla rundt at kommunen indirekte konkurrerer med andre bedrifter som ikkje får offentleg støtte, vart ikkje sette i fokus denne gongen. Heller ikkje spørsmålet om Offentleglova gjeld, slik nokre har stilt spørsmål ved, men kommunedirektøren har tidlegare sagt at denne ikkje gjeld. Kontrollutvalet verka tilfredse med den orienteringa kommunedirektøren gav.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags